Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i godt vårver

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. mars 2022

Sol frå skyfri himmel, varme i lufta og lukt av vår – ein fin dag for tur og trim.

Heile 14 deltakarar var med på dagens kløvertur. Også denne dagen vart det to turruter, ein gjeng gjekk opp bakkane til Løfta og resten tok ein runde utover til sjøen.

Mange med på tur: Helga, Berit, Åse, Helen, Kari, Arndis, Jorunn, Dordi, Jorunn, Eli, Synnøve, Ester Karin, Marit. Foto: Dordi J H

Fint oppå Løfta. Helen, Berit, Åse, Arndis, Helga, Jorunn. Foto: Kari K.

Stor glede over å finna eit fint vårteikn på tur utover Kvennsetørane; ei tue med hestehov lyste opp i vegkanten.

For om lag 60 år sidan var hestehov ei sjeldan plante i Todalen. Slik som eg hugsar det, kunne ein finne hestehov berre få plassar i bygda som i Gunnøya, ute i Stranda og ved Haukåa. Da var det kvitsymra som blomstra først om våren. Men ved hjelp av vegvesenet har hestehoven spreidd seg langs vegkantane over heile bygda.

Hestehov i vegkanten. Foto: Dordi J H

Jentene som ikkje vart med opp til Løfta, tok ein rundtur til Småbåthamna, så utover til Råssåfoss kraftstasjon og nedover til strandkanten.

Fleire bilete frå ein fin turdag:

Stille og fint ved fjorden. Foto: Marit S S

Her var det fint å ta pause. Vi sakna termos med kaffe! Foto: Marit S S

Hestehoven lyser om kapp med sola. Foto: Dordi J H

Ein lystig gjeng. Frå venstre: Marit, Eli, Synnøve, Ester Karin, Dordi og Dordi. Foto: Jorunn Ø.

Publisert: 14. mars 2022, 21:36