Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fasteaksjonen 2022 – «Gi vann til den som trenger det mest»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. mars 2022

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon er ein tradisjonell innsamlingsaksjon som har gått føre seg i fastetida i mange år. Årets aksjon har fått namnet «Gi vann til dem som trenger det mest». Tysdag 5. april vil årets konfirmantar, saman med andre unge og vaksne, frå Surnadal og Rindal kommunar besøke alle husstandane med sine bøsser. Det er også mogleg å gje pengar via vipps 2426 eller via bankkonto: 1594.22.87493. 

Verda opplever mange krisar samtidig: Konfliktar, flyktningekrise, pandemi, auka fattigdom og klimakrise. Talet på menneske som treng naudhjelp aukar dramatisk. Akkurat no pågår den største flyktningekrisa, sidan 2.verdenskrig, i Europa, som følge av krigen i Ukraina. Dei verste scenario seier at opp i mot ti millionar menneske vil vere på flukt berre frå Ukraina. I tillegg fleire millionar menneske som er på flukt frå svolt, krig, flaum og konfliktar frå heile verda. 

Kirkens Nødhjelp er tilstades, mellom anna, i Afghanistan og Malawi, der dei sørger for reint drikkevatn, tepper og hygienepakkar. Reint drikkevatn er ein av dei, om ikkje den viktigaste, faktoren for at menneske skal kunne overleve over tid. Pengane frå årets Fasteaksjon er såleis eit viktig bidrat til menneske i naud. 

Gjennom fasteaksjonen mobiliserer Kirkens Nødgjelp det norske fork til å engasjere seg der nauden er størst, anten det er i Ukraina, afghanistan eller andre land som opplever krisar og naud. 

Ta difor godt imot bøssebærerne, når dei kjem på besøk!

For meir informasjon – lokal aksjonsleiar: Gro Hauge Venås, Surnadal kyrkjekontor på telefon 716 57 060.

Du kan også lese «Fasteaksjonen 2022»

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 17. mars 2022, 13:00