Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokale ishockeyspelarar tok turen til Krisitansund

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 4. april 2022

Søndag inviterte Surnadal Blades sine spelarar til trening og pizza i Arena Nordvest som er namnet på den flotte ishallen i nordmørsbyen. Dette var siste helga det var is i hallen, og det passa difor perfekt med ein dag med trening der for Surnadal Blades. 

Les heile saka

NKS – ny fylkesleder på plass

Jon Olav Ørsal Sundag 3. april 2022

I helga har det vært fylkesårsmøte i NKS Møre og Romsdal. Der ble det blant annet valgt ny fylkesleder, da fylkesleder gjennom de siste 8 årene, Ellinor Bolme, ønsket avløsning. Ny fylkesleder ble Britt May Hollås fra Surnadal Sanitetsforening. Les pressemeldingen fra fylkesårsmøtet som er gjengitt nedenfor.

Les heile saka

Espen Lind kjem til Bøfjorden i haust!

Jon Olav Ørsal Sundag 3. april 2022

Er du fans av Espen Lind, så kan du få treffe idolet ditt på Leikarvollen Scene i Bøfjorden.  Da kjem han nemleg til Bøfjorden, og no kan du sikre deg billett til den kjente og kjære artisten.  Etter ein lang koronapause kjem Leikarvollen Scene no i gang at med ny konsert. Espen Lind har vore […]

Les heile saka

Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 3. april 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 4. april. Start frå Matkroken/Halsbua kl. 11:00. Blir du med?

Les heile saka

Pep-talk før fasteaksjonen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. april 2022

Nest etter TV-aksjonen er Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon den største i landet. Tysdag 5. april, om ettermiddagen, går konfirmantane og medlemmer frå soknaråda i Surnadal kommunen dør-til-dør. Fredag kveld var det pep-talk for årets aksjon i kantina på Surnadal vidaregåande skule. Mange årig Kirkens Nødhjelp kontakt, Bernt Bøe, har send oss ein liten rapport frå pep-talken, som du kan lese nedanfor. 

Les heile saka

Sesongskifte og dugnad på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. april 2022

No blir det ny giv på Bordholmen, med opprusting av deler av anlegget og sesongskifte – våren er under oppmarsj. I dag kom alle bord og bekar ut frå vinteropplaget i reiskapshuset. Det må være eit sikkert vårteikn, og klargjering til 17. mai-feiring med frokost på Bordholmen. I klatrerommet var det støvsuging og full rundtvask

Les heile saka

Kosa seg i lag på strikkekaffe

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. april 2022

Det er stabilt og bra oppmøte på strikkekaffe i Sanitetshuset kvar gong. Det er tydeleg at det er eit arrangement som er midt i blinken – det er sosialt og deltakarane likar seg i kvarandres selskap. Dei tykkjer og det er fint å kunne være med og bidra til noko nyttig – slik som no på ettervinteren når dei har strikka varme huver, votta og lesta i flotte fargekombinasjonar

Les heile saka

Planlegg nytt vårtreff i Industrivegen – endeleg igang igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. april 2022

Heilt sia 90-talet har Eiksentret arrangert «Vårtreff», der dei har invitert sine kunder til ei triveleg samling med traktering og gode tilbod. Det har skjedd tidleg på våren, slik at folk har hatt tid til å ta ein tur før våronna har starta. Dei siste åra har Eiksentret også invitert med seg naboane på vårtreff, og no er alt nytt vårtreff til veka etter påske – nærare bestemt fredag 22. og laurdag 23. april. Pandemien sette stoppar for fjorårets arrangement etter at dei akkurat rakk å arrangere vårtreff i 2020

Les heile saka

Biltog med miljøprofil

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. april 2022

17.maikomiteen i Todalen hadde møte måndag kveld. Her vart det bestemt at årets feiring skal ha ein klar miljøprofil. Dette inneber mellom anna at det i år berre blir tillatt med el- og hybridbilar i det tradisjonsrike biltoget. Komiteen er klar over at ikkje alle har slike bilar, men med litt samkøyring, håper komiteen at alle som vil får vere med også på årets biltog. 

Les heile saka

Påskevandring i Stangvik kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 1. april 2022

Vi har fått ein e-post frå Bernt Bøe, som fortel at det blir påskevandring i Stangvik kyrkje onsdag 6. april klokka 19:30. Påska i ord og tonar, er tema denne onsdagskvelden i kyrkje. Kor, tekstlesarar og musikarar lagar ei temavandring som tek føre seg tida frå palmesøndag til påskemorgon.

Les heile saka

Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 1. april 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 2. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!

Les heile saka