Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utstillingsopning og konsert i arboretet

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. juni 2022

Onsdag 15. juni klokka 18:30 inviterer Svinviks arboret til opning av fotoutstillinga «Stole lille verden» med makrofotografi frå Jörg Brunke, og klokka 19:00 blir det utekonsert med Jo Sverre.  Utstillinga finn du i den gamle billettbua, som er oppgradert til minigalleri. Utstillinga vil stå til den 7.august, og vil ha same opningstid som kafeen i arbotetet utover sommeren.

Jo Sverre kjem attende til Svinviks arboret og held konsert. Siste gong Jo Sverre besøkte arboretet, var i 2017, noko som vart ein kjempesuksess framfor eit stort publikum i idylliske omgivnader.

Bilete frå siste gongen Jo Sverre var i arboretet. Foto: Jon Olav Ørsal

Jo Sverre har gjort stor suksess med fengande popmusikk på sin karakteristiske rindalsdialekt. Med låter som ”Ka Om”, ”Luftslott” og «Ostoppele» er han ein av dei mest spelte artistane på norsk radio dei siste par åra. Han har spela på fleire av landets største festivalar, som til dømes By:larm, OverOslo og Pstereo.

Jo Sverre er kjent for sitt nærvær på scena, og han har hausta stor jubel for sine konsertar – både med sitt faste band og i meir intimt format. Her får publikum servert alt frå det sarte og stemningsfulle, til fullt trøkk og allsong-garanti, ispedd Jo Sverre sin lune humor og prat mellom songane.

”Kvalitespop med refrenger som lurer seg uunngåelig inn i hjernen.” – Vegard Enlid, Adresseavisen.

”Norges svar på Coldplay. Ka Om er et mesterverk av ei låt.” – Littnytt.no.

Billettsalg ved oppmøte eller på tikkio.com

Billettprisar:      

  • Vaksne: kroner 250,
  • Student: kroner 200,-
  • Barn: kroner 150,- (under 16 år)

(Billetten inkluderer inngang i arboretet).

Sal av kaffe/brus med meir.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 13. juni 2022, 12:30