Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Telia på lufta att i kveld klokka 20

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. juni 2022

Etter å ha vore i kontakt med Telia sitt kundesenter no i dag, får vi opplyst at Telia sitt mobilnett skal vere oppe å gå igjen seinast klokka 20:00 i kveld. For alle Telia-kundar vil dette bety at dei da har vore utan mobildekning i over 5 døgn, med dei ulempene dette har ført med seg. 

Telia seier at alle Telia-kundar, som har vore råka av problema med mobilnettet desse dagane, kan ta kontakt med Telia kundeservice på telefon: 924 05 050, for å få eventuell kompensasjon for manglande dekning desse dagane. 

Publisert: 13. juni 2022, 13:10