Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Barnehagar og skular over på grønt nivå

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. januar 2022

I kveld hadde Surnadal formannskap eit ekstra formannskapsmøte for å diskutere eventuell forlenging av den lokale forskrifta for  smitteverntiltak. Kommunedirektør Knut Haugen la på møtet fram innstilling om å flytte barnehagar, grunnskulane og vaksenopplæringa over frå gult til grønt nivå. 

Les heile saka

«Barn i løypa i morgon»!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. januar 2022

Tysdag 1. februar, frå klokka 17:30, inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv. 

Les heile saka

Trim i Meierisalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. januar 2022

Torsdag 3. februar klokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag igjen til trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen.

Les heile saka

Sluttrapport frå SuSu-KOF-samarbeidet

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. januar 2022

I ei pressemelding no i dag, får vi presentert sluttrapporten frå SuSu-KOF samarbeidet, som har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Sunndal og Surnadal kommunar sidan 2013. Målsettinga for SuSu samarbeidet var i si tid å skape nye arbeidsplassar, sikre dei arbeidsplassane som allereie var her, samt fokus på «bo- og blilyst».  
Det er i perioden 2013 – 2021 fordelt 13,2 millionar i SuSu-midlar til 123 bedrifter og tiltak så langt. Det er mange firma og bedrifter som gjennom hjelpa frå SuSu har fått realisert sine prosjekt og planer knytta til kompetanseheving, vekst og utvikling. 

Les heile saka

Forsiktig – Unngå viltpåkjørsel

Jon Olav Ørsal Måndag 31. januar 2022

Det er mykje rådyr og hjort rundt vegane no om dagen.  Det kan ha fleire årsaker, med beiting på telefri innmark som blir fristande for dyra.  Det er spesielt på Kvennset, i Halagrenda og i Ørsalbukta at det har vore stor trafikk – og mange dyr som passerer over vegane i skyminga eller etter mørkets frambrudd.

Les heile saka


Ope bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 31. januar 2022

Fredag 4. februar, mellom klokka 12.00 – 17.00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Hyllene vil bli fylt opp med både ferske kaffebrød og grovbakst. Også denne gongen kan dei by på ei nyheit, nemleg landbrød.  

Les heile saka


Parkering – «På tur i Todalen»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. januar 2022

Trimgruppa i Todalen Idrettslag sin «På tur i Todalen»-app, som vart lansert 1. oktober i fjor, har vorte ein stor suksess, som mange brukar når dei er på tur. Det er per i dag klokka 12:30 registrert totalt 3980 turar i appen sidan 1. oktober.. Trimgruppa har fått nokre få tilbakemeldingar på at det av og til blir parkert på plassar, på privat grunn, som skaper problem for eigaren, medan folk er på tur. 

Les heile saka

No går toget! – Forslag om nedlegging av Todalen barnehage

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 29. januar 2022

I sitt saksframlegg til Hovudutval for oppvekst og til Formannskapet, tilrår kommunedirektør Knut Haugen at kriteria for reopning av Todalen barnehage, for barnehageåra 2022/23 og 2023/24, blir endra til 12 plassar for ei eventuell reopning av barnehagen. Dette er ei vesentleg endring i kriteria, i høve til vedtaket som vart gjort 13. desember 2018, der talet vart sett til 5 ungar eller meir. Todalen barnehage er som kjent midlertidig stengt frå hausten 2021 på grunn av for få innsøkte ungar.

Les heile saka

Talgø søker etter ny IT-ansvarlig

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. januar 2022

Talgø Invest går i dag ut med annonse og søker etter ny IT -ansvarlig som skal erstatte dagens IT-ansvarlige som går av med pensjon i løpet av 2022.  Som IT-ansvarlig i Talgø Invest vil du få ansvaret for IT-driften i konsernets selskaper.  Bla videre og les mer om den ledige stillingen som IT-sjef…

Les heile saka

Milepæl for randonee-miljøet i dag!

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. januar 2022
Ein stor milepæl for randonee i dag –  For første gong i historia blir det DIREKTESENDING PÅ NRK1 fra verdscupen i randonee.  Torsdag kl 15.25-17.00 brakar det lauss med sprint fra Morgins i Sveits. Erik Kårvatn er der, men startar i klasse menn 20 som ikkje har sending. Det er kun menn senior som blir vist på NRK TV.  
Erik startar kl 12.35, og muligens kan løpet bli streamet på denne linken?