Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ikkje berre i Paris det blir spela tennis

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 4. juni 2022

Akkurat no går French Open av stabelen i Paris, der nordmannen Casper Ruud søndag spelar finale mot Rafael Nadal frå Spania. Også på Bordholmen er det «topptennis» denne helga. Ole Magnus og Olaus er glade i å spele tennis, og nyttar høvet til å spele når dei er på besøk i Todalen og vêret tillet dette! 

Les heile saka

Open kafé i Slettneset

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. juni 2022

Måndag 6. juni (2. pinsedag) er det meldt fint vêr og sol! Slettneset steinovnsbakeri inviterer difor til open kafé frå klokka 12:00 – 16:00. Her kan dei freiste med god kaffe og nybaka kaffebrød. Så da er det berre å ta turen til Slettneset for formiddagskaffe på måndag!

Les heile saka

Bli kjent med Sunniva på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Fredag 3. juni 2022

Når Todalshytta opna 1. juni, var Sunniva på plass i restauranten og på kjøkkenent. Sunniva Hegg-Lunde er frå osterøy, men har gått på Nordmøre Folkehøgskule i vinter. No i sommar skal ho tene til livets opphald på Todalshytta fram til utgangen av juli.

Les heile saka

Matkroken – opningstider i pinsa

Jon Olav Ørsal Fredag 3. juni 2022

Matkroken Todalen melder om ei lita endring i opningstida i pinsehelga.  Medan pinseaftan (laurdag) har ordinær opningstid 9:30 – 16:00, så er butikken stengt på 1. pinsedag (søndag) og så er det kioskope 16:00 – 18:00 på 2. pinsedag (måndag).  Drivstoffanlegget til HalsOil er ope heile helga, heile døgnet, for kortsal av drivstoff.  


Dugnad ved krigsminnesamlinga på Åsen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. juni 2022

Nordmøre Forsvarsforening inviterer til dugnad ved krigsminnesamlinga på Åsen laurdag 18. juni klokka 10:00 – 16:00. Det er planlagt å få måla vêrveggen, samt å vaske og rydde innvendig. Anna forefallande arbeid kan også bli akruelt. 

Les heile saka

Stavgangruppa på Todalsvisitt til Brusetneset

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. juni 2022

27 personer stilte opp på vandring langs Toåa i dag, skriv Svein Tjelle i stavganggruppa til Surnadal pensjonistlag. Dei starta ut frå Bruset, og gikk innover langs elva til gapahuken i Fosstrøinn, og vidare innover til Phillipstavla i Hafallmelen og vidare langs elva til Ner-Nesset.

Les heile saka

Bli med Fjellgruppa til Ranessetra

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. juni 2022

Tysdag 7. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til det dei kallar ein «Stastur»! Da går dei nemleg trekanten frå Skeisnebbparkeringa over Salen og til Ranessetra. 

Les heile saka

Endeleg klart for ny sesong på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. juni 2022

Endeleg er vi klare til å ta imot gjester i «kammerpike Edits Spiseri», seier Arve Evensen som er vert på Todalshytta. – Dette har vi gledd oss til lenge no, og frå 1. juni er restauranten open for spisegjestar. Det vil seie at restauranten er open onsdag til søndag

Les heile saka

Søya/Todalen – Tingvoll G10

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. juni 2022

I kveld spela Søya/Todalen G10 heimekamp mot Tingvoll på Bordholmen stadion. Sjølv om vêrgudane ikkje varta opp med det beste vêret å spele fotball i, så var det bra med tilskodarar på kampen. 

Les heile saka

Innkalling til ekstraordinært årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. juni 2022

Surnadal Arbeiderparti kallar inn til ekstraordinært årsmøte onsdag 29. juni klokka 19:30, i kantina på Surnadal sjukeheim. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort onsdag den 22. juni her på Todalen.no. 

Les heile saka

Høgtidstradisjon i Stangvik

Bernt G. Bøe Onsdag 1. juni 2022

Pinsa er ikkje «den glømte høgtida» i Stangvik – slik den påståeleg er andre stader. Søndag er det fellesgudsteneste i pakt med tradisjonen. Dei seks kyrkjesokna i Stangvik, Surnadal og Rindal set kvarandre stemne. Og enno knyter gamle band også ålvundfjordingane til si tidlegare kyrkje.

Les heile saka

Fjellgruppa tok turen til Hennafjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. juni 2022

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Hennafjellet i nabokommunen Heim. – Og turen til Hennafjellet vart ein Skatur!, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje. 

Les heile saka