Ved midnatt natt til onsdag opner fisket i Toåa, og set med det i gong ein sesong som skal vare til 15. august. Det er andre året i prøveordninga med ein samarbeidsmodell for laksefiske i Toåa, og no er både ivrige fiskarar og elvaaigarlaget spente foran årets sesong.
Les heile saka
I ei melding frå Telia si kommunikasjonsavdeling akkurat no, får vi vite at mobilnettet i Todalen skal vere oppe å gå igjen i løpet av dagen. Det er kommunikasjonsrådgjevar Ellen Scheen i Telia som seier dette i ein e-post til redaksjonen.
Les heile saka
Tirsdag kveld frå kl 20:00 så inviterer Arve Evensen og Todalshytta både Todalinger og andre interesserte til opningskveld for årets laksefiske i Toåa.
Les heile saka
Vi meldte i 14-tida i dag, basert på informasjon frå Telias kundesenter, at mobilnettet ville vere på lufta att klokka 20:00 i kveld. Dette viser seg no å ikkje vere riktig. Siste informasjon vi har fått no i kveld frå kommunikasjonsavdelinga i Telia, ved Ellen Scheen, er at mobilnettet vil vere nede til torsdag ettermiddag.
Les heile saka
Etter å ha vore i kontakt med Telia sitt kundesenter no i dag, får vi opplyst at Telia sitt mobilnett skal vere oppe å gå igjen seinast klokka 20:00 i kveld. For alle Telia-kundar vil dette bety at dei da har vore utan mobildekning i over 5 døgn, med dei ulempene dette har ført med seg.
Les heile saka
Kvar vinter går det med ein del ved for å fyre i paisen i gapahuken ved lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har også i år teke på seg jobben med å fylle opp att vedlageret. Dei har i det siste difor kappa, kløyvd og lagt opp veden, slik at den er tørr og fin når den skap brukast.
Les heile saka
Onsdag 15. juni klokka 18:30 inviterer Svinviks arboret til opning av fotoutstillinga «Stole lille verden» med makrofotografi frå Jörg Brunke, og klokka 19:00 blir det utekonsert med Jo Sverre.
Les heile saka
«Sommarles» Surnadal har kome godt i gang, og 43 000 sider er no passert får vi opplyst frå biblioteket på kulturhuset. Ei stor veke inn i kampanjen, er det registrert 114 unge surnadalingar som er med på «Sommarles». Målet er å få med minst 20-30 til, slik at ein kjem seg på nivå med tidlegare år.
Les heile saka
Laksefisket i Toåa startar nemleg ved midnatt, og det er det nok mange som har gledd seg til. På Todalshytta markerer vi dette med konsert av Linda og Frank «Spoon» Botten – i tillegg til at vi byr på god mat og drikke, fortel Arve Evensen på Todalshytta
Les heile saka
Fredag 17. juni, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både fleire sortar med grovbakst, og ikkje minst ein godbit for å kose seg med i helga.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 13. juni. Start frå Matkroken kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka