Eitt av dei sikraste vårteikna, er når feiebilen frå Mesta kjem og feiar opp strøsanden og anna støv, som ligg att på vegane etter vinteren. Akkurat no er det vegen innover mot Todalen og rundt bygda som blir sopa og klargjort for vår og sommar trafikken.
Les heile saka
«Give Me 5» er tilbake, og denne gongen vil dei få besøk av Rasmus og Verdens Beste Band. Konserten er allereie i morgon, torsdag 21. april på Surnadal kulturhus klokka 19:00, og det er framleis billettar att til konserten med bandet attom kjente og tullete songar som «Puppan te pappa» og «Daniel datt i do».
Les heile saka
S-Nett (Svorka sitt linjenettselskap) informerer i dag, om at dei også i år gjennomfører inspeksjon av høgspentnettet sitt med helikopter. Dette vil gå føre seg i veke 18 (2. – 6. mai), og inneber lågt flyging med helikopter, ned mot 30 meter over bakken.
Les heile saka
Har du lyst til å vere med å bidra før eller under Todalsdagen 2. juli? Todalen IL treng nemleg mange frivillige hender, både før og under arrangementet, for å lage eit så bra arrangement som mogleg. Dei oppfordrar difor todalingar i alle aldrarar om å bidra til årets største dugnad.
Les heile saka
Torsdag 21. april (kl 18:00) kjem historikaren og forfattaren Helge Husby til Todalen ungdomshus med sitt foredrag om Trønderbataljonen og slaget om Gratangen. Husby vil halde eit foredrag på ca. 2 x 30 minutt om ungdomane frå Nordmøre og Trøndelag som kjempa mot den tyske krigsmakta i Gratangen i aprildagane i 1940.
Les heile saka
Neste veke, tysdag 26. og onsdag 27. april, planlegg Møre og Romsdal fylkeskommune og naudetatane ei stor brannøving i Svinviktunellen (på Fv 6145). Svinviktunellen vil bli heilt stengt mellom kl 18.30 og 20.30, men det vil også påvirke trafikkavviklinga før og etter dette tidsrommet
Les heile saka
Måndag 25. april klokka 19:00, kjem Teatret Vårt med det nyskrivne teaterstykket – laga spesielt med ein liten (bak)tanke på fogderikamp i Møre og Romsdal, men generelt også i alle samanhengar der det er snakk om eit «oss»; ikkje minst i ei tid der det rasar ein krig i Europa.
Les heile saka
Mai nærmar seg med stormskritt, og i tradisjon tru, sel Todalen sanitetsforening maiblomster. Fredag 22. april vil dei difor ha stand på Matkroken Todalen frå klokka 10:30. Det vil også bli sal på Strikkekaffen laurdag 23. april. Maiblomstrane kan kjøpast via vipps 101456.
Les heile saka
Torsdag 31. mars avvikla Nordvik Båtforening årsmøtet sitt i Nordvik Grendahus. På sakskartet stod vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val. Etter at årsmøtesakene var ferdig. vart dei oppdaterte planene til Nordvik Båtforening for ny småbåthamn på Nordvik presentert. Nordvik Båtforening er godt i gang med planlegging og prosjektering av ny småbåthamn på Nordvik, og snart tek salet av båtplassar til.
Les heile saka
Songmessa for heile påskehøgtida som Bernt Bøe hadde arrangert, var ei sterk oppleving, frå palmesøndags «Hosianna! Himmel og jord kvede» (1765 – Hemsley) og den mektige «Gører portane høga» av Gunnar Wennerberg) til påskedags «Deg være ære, Herre over dødens makt» og fellessong «Å salige stund uten like». Koret Prosjekt 17 er godt samsunge med gode stemmer, også vakre mannsstemmer, og med forsterking av solist Turid Røen Kroknes, som song fleire soloparti.
Les heile saka
Måndag spela Søya treningskamp mot Valsøyfjord på Bordholmen stadion. Både Søya og Valsøyfjord speler i 6. divisjon avdeling 1 – Nordmøre og Romsdal denne sesongen, så det blir også to seriekampar mellom laga i løpet av sesongen. Båe laga serieopnar med bortekampar mot Øksendal og Sunndal 2. Det er nokre år sidan siste seniorkamp på Bordholmen stadion, så dette vart ei fin avslutning på påska, i alle fall for alle som likar og er interessert i fotball.
Les heile saka
Todalen sokneråd har ein lang tradisjon med friluftsgudsteneste på 2. påskedag – ein like lang tradisjon er det at det er finvêr på 2. påskedag. – Vi har alltid hatt finvêr så lenge vi ha halde på med dette, seier mangeårig organist og no vikar i denne tenesta, Bernt Bøe. Likevel har vi noko som er nytt av året, da friluftsgudstenesta i år er flytta frå Haugligardane til gapahuken på Tjønnmyra
Les heile saka