Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kåra til månadens bilete i oktober

Guro Redalen Måndag 14. november 2022

Få stemmer skilte toppen denne gongen, men det var altså Kristian Gjeldnes sitt bilete som ved midnatt hadde fleirtalet. Og det med ein mogleg lokal arvtakar til Munchs Pikene på broen, nemleg Damene på Hamran. Vi gratulerer, premie vil bli overbragt ved første høve.

Som vanleg blir vi svært glade for dagsaktuelle fotoglimt frå kvardagen både i bygda og utanfor Kammen. Og har du planar om å bli krona med årets bilete 2022-tittelen, og enno ikkje har teke napp i kåringa ved å vinne ein av månadene så langt, er det berre å pusse kameralinsa og sende bidrag til red@todalen.no.

Dei andre kandidatane for oktober var:

Storhjort på første forsøk  – Anita Talgø

Vassdalen – Torkjel Ansnes Moe

Snart innesesong – Jo Gjeldnes

Ut å temme ein tiger! – Bjørn Gunnar Ansnes

Todalen skule – Ragna Kvendset

Publisert: 14. november 2022, 09:14