Ting skjer jammen fort enkelte gong. Fredag var Bernt Venås på todalsbesøk, og han tykte det gikk heilt forvidt med vegstellet og lova å prøve å sette fortgang på prosessen for å få ny asfalt på eit par parsellar som egentleg har vorte trafikkfarlege. Venås var ikkje før heimkomen før det måndag kom folk frå Mesta for å kartlegg kvar det var mest behov, og han merka ein ein vegstump mellom Sandstadkrysset og Talgø-fabrikken og ein bit ved Sissiå/Hauabrekkå. Til saman knappe 200 meter. Tysdag kom Veidekke med utstyr for legging av asfalt og satte i gang.
Les heile saka
Da var det tid for ny kløvertursesong. Første haustturen i 2022 gjekk i Toåa tursti, altså mjuk start. Veret var godt, sjølv om sola var litt spak.
Les heile saka
Torsdag 18. august tek Stavgangargruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgangturen sin til Vinddøldalen. Oppmøte klokka 11:00 ved bommen på Holtamoen og samkøyring innover.
Les heile saka
Fredag 19. august, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det klart for første ope bakeriutsal hos Lia gard etter ferien. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit for å kose seg med i helga.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening melder at det blir medlemsmøte i Sanitetshuset tysdag 16. august kl. 18:30.
Les heile saka
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin planlagde tur til Innerdalen og Renndølsetra tysdag 16. august, blir flytta til torsdag 18. august. Dette etter å ha lese vêrmeldinga på yr.no for tysdag. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Kvanne fergekai, der dei tek ferga klokka 11:00. Dei som har kortare veg til Kvanne fergekai, møter her til avgangen klokka 11:00.
Les heile saka
Laurdag 13. august innviterte Stangvik Historielag til fellestur til den nyrestaurerte steinløa som ligg på Steinslettet, ei fin slå i øvste lia opp mot Svarrafjellet, på Østbødalssida. Den ligg omtrent rett opp for Konntrøa, det var Konntrøfolket som slo her, og det er etterkommarar etter Lars i Konntrøa som no er eigarar av grunnen der løa står.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur i Toåa tursti måndag 15. august. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Utpå ettermiddagen for eit par dagar sia var det eit nytt utlopp frå Åsbøsnyta. Denne gongen var det på framsida, i hamrane ovafor Åsbøen og Sjøleet. Ein stor stein – kanskje mellom 1 og 2 m3 kom heilt ned mot kulturbeita som høyrer Åsbøen til, og var liggande rundt 100 meter ovafor vegen, like ovafor Sjøleet.
Les heile saka
I regi av SJFF ble det arrangert fiskekonkurranse på Nordvik torsdag kveld. Dessverre var ikke værgudene på lag med arrangøren da regnet høljet ned da båtene la ut på sjøen kl. 19.00. Totalt var det 7 båter som deltok med 15 deltakere om bord.
Les heile saka
Talgø MøreTre merker nå effekten av stigende priser på strøm og drivstoff, samt både gjennomførte og varslede renteøkninger. Alt tilsammen fører til økte kostnader og dermed prisstigning på varer og tjenester som byggvareindustrien leverer. I en pressemelding fra Talgø Møretre varsler selskapet permitteringer av en del av arbeidsstokken på grunn av liten ordreinngang og store lagre av ferdigvarer.
Les heile saka
I dag var fylkestingsrepresentant og varamedlem til samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylke, Bernt Venås frå Senterpartiet. på ein liten rundtur rundt Todalen for å sjå på vegstandarden på fylkesvegane. Det har i fleire år vore meldt inn behov for ny asfalt, frå Svinvik tunnelen og til Halle, og sjølv om strekninga har vore på Vegvesenet si prioriteringsliste, har det ikkje blitt løyvd midlar til dette arbeidet.
Les heile saka