Etter fleire dagar med mykje nedbør er vassføringa no på tur ned igjen i Toåa. Torsdag var vassføringa over 32 m3/sek ved NVEs målestasjon, men var i går kl 17 kome ned på 20-talen – og har fortsett å gå ned etter siste måling som var onsdag kl 17. Den siste veka er det teke eit 10-tals laksar i Toåa, medan ein no ventar at det blir bra aktivitet i elva i dagane framover
Les heile saka
Kommende torsdag inviterer Todalshytta til ny balldag! Det serveres ball frå kl 15:00 til 18:00 – eller så langt beholdninger rekker. Og som vanlig er det fritt valg mellom potetball og sildball!
Les heile saka
Natt til 17. januar herja stormen med hengebrua ved Heggøyan, slik at brua har vore stengt heilt til no – i påvente av at reparasjonsarbeid skulle utførast. Det har vore litt att og fram om kva som skulle gjerast, men i dag var det Per E. Gjeldnes Maskin og Gunnar Nordvik som hadde reparert brufesta og stramma kablane, slik at brua igjen kunne tas i bruk.
Les heile saka
Onsdag 27. juli startar Stangvikfestivalen 2022. Da er det nemleg utandørskonsert på Hagaberget i Bøfjorden klokka 19:00. Konserten har dei kalla «Fjordblikk». Torsdag fotsett festivalen med «Operapub i Todalen frå klokka 18:00 og pub i Bondehuset frå klokka 22:00.
Les heile saka
Fredag 29. juli kl 18:00 inviterer T.I.L.s trimgruppe til olsokfeiring i Toåa tursti, ved gapahuken i Båthølenlen. Det blir ei triveleg samling, med sal av bålkaffe og noko å bita i. Vi håpar at mange tek seg tid til ein pust i bakken og blir med på olsokfeiringa! Alle er velkomne, melder TILs trimgruppe!
Les heile saka
Idag gjorde dei to deltakarane frå Trollheimen Fjellsportklubb ein formiddabel innsats under VM i Skyrun i Andorra. I yngste klasse A vart Aron Rodal Haugen nest beste norske på 7. plass, etter Emil Aslaksen Røed. Aron kom inn på tida 1:58:52,53, berre 16,08 etter vinnaren. På 10.-plass, og mesta hakk i hel kom Mads Kirkreit Gjethammer med 17,32 etter. I yngste klasse B var det Erik Kårvatn som slo til og kapra 5.-plassen i konkurranse med 37 deltakarar. Han kom inn på tida 2:04:04:96 som er 7,44 etter vinnaren av klassen, Iu Jaume Ametller frå Spania.
Les heile saka
Talgø satsar vidare på Terråk i Bindal kommune – i disse dager rustes butikken til Bygger’n Bindal opp til å bli ein moderne byggvarebutikk etter dagens krav. Etter at det nye Coop-bygget kom er det naturlig å lage eit felles torg mellom Terråk Servicesenter, der Bygger’n Bindal er lokalisert, og Coop Markeds nye butikk. Dermed er butikken endevendt, og heile sentret er i ferd med å få nye innganger inn mot torget.
Les heile saka
I slutten av mai kom det ei gladmelding frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank, om at dei hadde løyvd 20.000 kroner til kjøp av to varmepumper i Todalen ungdomshus. Varmepumpene vart montert i slutten av juni, og den totale kostnaden for prosjektet vart på litt over 50.000 kroner.
Les heile saka
Todalen båtforening kallar inn til årsmøte 2022. Årsmøtet blir halde ved båghamna i Sissigrenda søndag 14. august klokka 18:00. Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet, må sendast laiar Bjørn Hauglann på e-post: bjorn.hauglann@talgo.no eller ta kontakt på mobil: 913 38 0 51.
Les heile saka
Det vart ein tøff VM-dag i varmen i Andorra. Men den norske troppa som er plukka ut for å delta har all grunn til å være nøgd med resultatet. Beste resultat oppnådde Ingeborg Synstenes Hole som fekk bestetid i damer junior klasse A på tida 47.06, medan Ida Waldal kapra andreplassen i damer junior klasse B knappe 44 sekund etter klassevinnaren. I herre junior klasse A kom Aron på 11.-plass med +9,25 etter vinnaren og i herre junior klasse B sikra Erik Kårvatn seg 13.-plassen med +5,44 etter vinnaren.
Les heile saka
I dag skal Erik Kårvatn og Aron Rodal Haugen representere Norge i vertikal i Andorra. Aron er yngste deltakar i yngste klasse, medan Erik deltek i eldste juniorklasse i år.
Les heile saka
Vi har fått tips om at det både på Nordvik og i Todalen er observert Kjempebjørnekjeks. Dette er ein planteartart det ikkje er ønskelig å ha i vår fauna. Folk blir difor oppfordra til å fjerne denne planden før den frør seg. Plantesafta er giftig og kan føre til hudskadar i sollys. Det er difor viktig å bruke hanskar for å beskytte seg sjølv, når ein skal fjerne denne planta.
Les heile saka