Å koma til Todalen kyrkje er ei fin oppleving. Den opne kyrkjeporten attmed allmannavegen er som ein invitasjon – inn til eit velstelt uteområde og ei vakker kyrkje, både utanpå og inni. Dette tiltalande er for ein stor del resultat av dugnadsinnsats. Kanskje meir enn bygder flest viser Todalen såleis eit respektfullt eigarforhold til kyrkja si. Kyrkjegarden […]
Les heile saka
Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papp og papir, plastavfall og matavfall, for tredje kvartal, inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tredje kvartal strekker seg frå 1. juli – 30. september. Tømmekalenderen for fjerde kvartal, vil bli lagt inn siste halvdel av september månad.
Les heile saka
Da Todalsdagen vart stoppa på grunn av regnvêret i går, bestemte Todalen IL seg for å invitere til ettermiddagsgrilling på Bordholmen, rett og slett for å få selt ut meir av grillmaten som vart att da arrangementet vart stoppa. Så klokka 18 kom både finvêret og folket for å kose seg med grillmat og andre ting frå kosken.
Les heile saka
Nytt innslag på årets Todalsdag er Todalsmarked – der arrangementskomiteen hadde ønske om å prøve noko nytt. Det er rett og slett ei utstilling og salg av husflid, slikt som tradisjonelt har vore bydd fram på julemesser og liknande. På Todalsdagen fekk dei no reiskapshuset på Bordholmen til disposisjon og bruka bord og stativ for å vise fram varene sine for å by dei fram for sal.
Les heile saka
Dette var overskrifta i avisa Tidens Krav ein gong på 60-talet, etter at Todalen sitt herrelag i fotball vann 8-1 over KFK. Og kanskje kunne ein ha bruka same overskrifta i dag også? Men resultatmessig vart det i alle fall jamnare i dag enn den gongen, og i dag er KFK ein del av KBK (Kristiansund Ballklubb). I dag var det KBK sitt bylag, som hadde teke turen til Todalen for å spele kamp mot eit Todalslag, samansett for anledninga.
Les heile saka
Regnet starta samtidig som det var avspark i fotballcupen under Todalsdagen, og har halde det gåande gjennom heile dagen. Dermed har Toåa vakse seg flaumstor av både regnvêret og snøsmeltinga i høgfjellet
Les heile saka
I dag var dagen da den 30. TodalsCupen skulle arrangerast, men vêrgudane var ikkje på lag med Todalen Idrettslag, så cupen vart stoppa etter 2-3 kampar på grunn av mykje regn. Dette er første gongen at arrangøren måtte gi tapt for vêret i løpet av alle desse åra.
Les heile saka
SUPERLOTTERIET til Todalen Idrettslag, som har hatt førehandssal i vekene inn mot Todalsdagen, vart trekt i dag klokka 14:00. Det vart selt totalt 1227 lodd, noko som gir ei kjerkoma inntekt til Todalen Idrettslag.
Les heile saka
Todalen I.L. opplevde makalause nedbørsmengder da Todalsdagen gikk av stabelen på laurdag. I løpet av eit par timar kom det så mykje regn at fortballturneringa måtte avslysast etter nokre kampar – det var uforsvarleg å køyre vidare med arrangementet. Mosjonsløpet Ræta Opp gikk som planlagt, men med betydeleg mindre deltaking enn tidlegare år. 20 påmeldt i herreklassen og eit tital i dameklassen utgjorde den aktive delen av løpet.
Les heile saka
Todalsdagen 2022 vart avlyst kort tid etter start på grunn av dårleg ver. Difor inviterer Todalen Idrettslag alle i Todalen til sal av grillmat, graut og bakels, kaffe og kioskvarer på Bordholmen klokka 18:00 i dag.
Les heile saka
Skal du besøke Veiholmen, så finns det mesta ikkje finar vêr for ein slik tur enn det var på fredag. Da kunne vi sitte i shorts og t-skjorte oppe på soldekket på ferjeturane til og frå Smøla. Vi starta på turen med 9.15-ferja frå Hensdset og du bør starte såpass tidleg for å nytte av dagen.
Les heile saka
Todalsdagen blir i år arrangert på Bordholmen stadion laurdag 2. juli frå klokka 9:30. I år er det, som vanleg, fotballcup, «Ræta opp», kiosk, grillmatsal og Superlotteri. I år blir det også Todalsmarked, der ein kan få kjøpe lokalproduserte produkt frå lokale produsentar i Todalen. Så her blir det noko, for ein kvar smak, utover heile laurdagen.
Les heile saka