Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sal av kornband på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. desember 2022

Laurdag 10. desember, mellom klokka 11:00 – 14:00, vil Start 4H ha stand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje kornband. Grønskjora er her heile vinteren og er ein trufast gjest på fuglebrettet. Start 4H vil gjera stas på grønskjora, og andre fuglar, som vel å bli i Todalen gjennom den kalde tida, medan andre fuglar dreg til palmesus og ljose dagar på sydlege breddegrader.

Tradisjonen tru sel difor Start 4H også i år kornband utanfor Matkroken Todalen på laurdag

Start 4H ønsker alle velkomne til ein triveleg førjulshandel!

Frå fjorårets sal av kornband. Foto: R Kvendset

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 8. desember 2022, 20:51