Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «Romjulsquiz» 27. desember

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 7. desember 2022

Tysdag 27. desember klokka 20:00 inviterer Todalen.no alle til Romjulsquiz i Todalen ungdomshus. Quizmastrane har laga spørsmål innafor mange tema, så her er det noko for ein kvar smak. Todalen.no spanderer forskjelleg typar snacks under romjulsquizen. 

Det blir også open pub med sal av øl og vin. Romjulsquizen er gratis for alle medlemmer, og kostar kroner 200,- for dei som ikkje er medlem. Det er ikkje påmelding. 

Todalen.no ønsker alle velkommen på Romjulsquiz! 

Publisert: 7. desember 2022, 14:11