Yr har dei siste vekene stort sett meldt regn, vind og dårleg ver, og veret har vore så ymse. Men måndagane har veret vore over all forventning.
Les heile saka
Yr har dei siste vekene stort sett meldt regn, vind og dårleg ver, og veret har vore så ymse. Men måndagane har veret vore over all forventning.
Les heile sakaSvein Volle sitt bilete av vilt og vakkert vatn vart velfortjent røysta fram som månadens bilete for september.
Les heile sakaSiste nytt frå Todalen idrettslag er faktisk at trimgruppa kjem men eigen julekalender i år, fortel Sissel Halset Storslett som er leiar i TILs trimgruppe. No frir dei til alle kreative og nævenyttige sjeler om å være med å bidra med gevinstar til den nye julekalenderen. – Vi ser for oss heimlaga og kortreiste gevinstar […]
Les heile sakaFor rundt halvanna år sidan vart hytterenovasjonen for Todalen flytta til Haugen vegkryss. Den nye ordninga har fått mange klagar, både frå dei med hytter og dei med feriebustad, i Todalen. Todalen bøgdalag og fleire eigarar av hytte- og feriehuseigarane har vore i kontakt med Remidt og klaga på ordninga, noko som til slutt gjorde at Remidt vel å lokalisere hytterenovasjon i Todalen att.
Les heile sakaMåndag pågår det arbeid med legging av nye stikkrenner på Dalavegen. Vegen er stengt for gjennomkjøring i Falla, og det er difor opna for omkjøring etter gammelvegen som går opp forbi Gammelfabrikken og dammen – denne vegen kjem inn på Dalavegen oppi Falla eit stykke. Gammelvegen er delvis grasgrodd, og du blir difor oppfordra til å kjøre forsiktig i den bratte skråninga forbi dammen.
Les heile sakaFredag 14. oktober, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen. Den som førehandsbestiller innan onsdag er med i trekninga av ei suksessterte!
Les heile sakaDet var «fullt program» i Svinviks arboret søndag – først var det foredrag om rømte rhododendron, avløyst av ein kort kaffepause med eplekake og vaniljekrem, og til slutt var det opning av kunstutstilling i fjøset som høyrer til arboretet. Det er Sissel Halset Storslett som har separatutstilling der, og heile 26 kunstverk prydar veggane i fjøset.
Les heile sakaI dag hadde Todalen sokneråd invitert dei som vart konfirmert i Todalen kyrkje våren 1972, til 50-årskonfirmantjubileum. Også neste års konfirmantar var invitert til feiringa. Første post på programmet var gudsteneste i Todalen kyrkje. Der var det Torbjørn Brøske som var liturg, medan Bernt Bøe var organist.
Les heile sakaKva gjer du når framande og innførte planter forvillar seg ut i naturen. Sist søndag inviterte Svinviks arboret til foredrag om akkurat dette temaet, og Dancan Halley sette fous på akkurat dette temaet når det gjelder Rhododendron. «Invasiv rhododendroni Norge – hybridisering, tilpasnin, utbrudd og tiltak» var tittelen på foredraget, og det høyrest vidløftig ut. Men enkelt sagt så dreier det seg om kva strategi ein kan ha og kva tiltak ein skal sette i verk for å hindre at rhododendron skal spreie seg ut i naturen.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 10. oktober. Start frå Matkroken kl. 11:00. Du er velkomen til å bli med ut på tur!
Les heile sakaSøndag blir det ein allsidig dag i Svinviks arboret, da Sissel Halset Storslett inviterer til separatutstilling i det gamle fjøset. Til saman stiller ho ut 26 kunstverk, der det er store variasjonar i motiv og materialbruk. I tillegg er det høve til å sjå fotoutstillinga til Jörg Brunke, med tema «store lille verden». Arrangementet startar med at Duncan Halley frå NINA held eit interessant foredrag om bekjemping av forvilla rododendron. Altså litt for ein kvar smak denne dagen, der foredraget startar kl 13:00 og salsutstillinga byrjar kl 14:30.
Les heile sakaSeptember er passert, og skal ein tru utvalet av bilete har han vore lasta med mengdar av vatn, matauk, magiske kveldsthimlar og siste rest av sommar. Men før vi kan legge månaden heilt bak oss må vi kåre det beste dagens bilete.
Les heile saka