Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vilt og vakkert kåra til månadens bilete i september

Guro Redalen Måndag 10. oktober 2022

Svein Volle sitt bilete «Vilt og vakkert» vart velfortjent røysta fram som månadens bilete for september. Vi gratulerer, kopp med logo vil bli overbragt snarest. 

Det er litt meir utfordrande å ta bilete av landvind og nattlege hjortebrøl, men som vanleg blir vi svært glade for dagsaktuelle fotoglimt frå kvardagen både i bygda og utanfor Kammen. Adressa er red@todalen.no.

Dei andre kandidatane for september var:

Årets blomst – Magne Søyset

StikkUT i solnedgang – Sissel Redalen

Soloppgang i Giklingdalen – Jo Gjeldnes

Når sola går ned – Anna Ingeborg Nordvik

Årets eplesjekk – Elinor Bolme

Årets første nordlys – Simen Søyset Johansen

Publisert: 10. oktober 2022, 18:00