Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stor interesse for kunstutstillinga i arboretet

Jon Olav Ørsal Sundag 9. oktober 2022

Det var «fullt program» i Svinviks arboret søndag – først var det foredrag om rømte rhododendron, avløyst av ein kort kaffepause med eplekake og vaniljekrem, og til slutt var det opning av kunstutstilling i fjøset som høyrer til arboretet.   Det er Sissel Halset Storslett som har separatutstilling der, og heile 26 kunstverk prydar veggane i fjøset. 

Det var mange som møtte opp for å delta på kunstutstillinga i fjøset i arboretet. Tl saman var det 26 kunstverk som var stilte ut i fjøset.  Foto Jon Olav Ørsal

I dag var det høgtideleg opning med skåling i alkoholfri champagne og alt som høyrer til ved slike høver.  Det var mange som kom for å få med seg denne utstillinga, og det kom etter kvar raude lappar på fleire av kunstverka som hadde stor variasjon i både motiv, materielval og størrelse.  

Utstillinga er opa fram til søndag 16. oktober:

Søndag 9. oktober  frå 14.30 og utover
Måndag 10. til torsdag 13. oktober  kl 16:00 – 18:00
Fredag 14. til søndag 16. oktober kl 12:00 – 18:00

Bilder frå utstillinga i fjøset i Svinviks arboret – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. oktober 2022, 18:00