Søndag blir det ein allsidig dag i Svinviks arboret, da Sissel Halset Storslett inviterer til separatutstilling i det gamle fjøset. Til saman stiller ho ut 26 kunstverk, der det er store variasjonar i motiv og materialbruk. I tillegg er det høve til å sjå fotoutstillinga til Jörg Brunke, med tema «store lille verden». Arrangementet startar med at Duncan Halley frå NINA held eit interessant foredrag om bekjemping av forvilla rododendron. Altså litt for ein kvar smak denne dagen, der foredraget startar kl 13:00 og salsutstillinga byrjar kl 14:30.
Les heile saka
September er passert, og skal ein tru utvalet av bilete har han vore lasta med mengdar av vatn, matauk, magiske kveldsthimlar og siste rest av sommar. Men før vi kan legge månaden heilt bak oss må vi kåre det beste dagens bilete.
Les heile saka
Årets store Sanitetsbasar er like rundt hjørnet – det vil med andre ord seie tysdag kveld den 11. oktober – i Sanitetshuset på Kvennset. I dag, fredag og i morgon, laurdag er det førehandssal av lodd på Matkroken Todalen, og det føregår i opningstida. I dag var det Maren Ansnes som var på plass med loddboka da vi var innom butikken.
Les heile saka
Værutsiktene var ikke de beste i dag, hvor regnelingene gjekk ganske tett. Likevel var det 28 spreke pensjonister som trosset værgudene, og la trøstig i vei mot Øygardshalsen. Alle var godt kledd for værforholdene, og merkelig nok ble det ikke så ille som vi fryktet, med bare noen lette regnbyger underveis.
Les heile saka
Todalen Idrettslag har lange tradisjonar med å arrangere fest med revy i romjula. På grunn av koronaen er det no nokre år sidan siste gong det var fest med revy, men i romjula i år ønsker idrettslaget å prøve på att med revy, men da trengst det folk til å vere med!
Les heile saka
Det er funne eit par briller på vegen mellom Bordholmen stadion og Hallset bru. Så saknar du brillene dine? Da kan du i så fall få dei att i kassen på Matkroken Todalen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til tradisjonell basar i Sanitetshuset tysdag 11. oktober.
Les heile saka
Surnadal kommune informerer no om årets influensavaksinering. Influensasesong sesonger i år, er venta å bli noko verre enn normalt. Dette på grunn av dei omfattande smitteverntiltaka som har vore i samband med covid-19 pandemien. Det har vore lite influensavirus i omløp og vi har låg immunitet mot dette. Alle som er anbefalt influensavaksine er difor oppfordra til å ta den.
Les heile saka
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 17. og tysdag 18. oktober. Det er mange ledige timar båe dagane.
Les heile saka
I går kveld hadde styret i Todalen Idrettslag kalla inn sine medlemmar til medlemsmøte i Todalen ungdomshus. Bakgrunnen for møtet, var at styret i idrettslaget, ønskte å høyre kva for aktivitetar medlemmane ønsker at idrettslaget skal drive med i framtida og korleis desse skal organiserast. Knapt tretti medlemmar møtte opp. «Det vart eit positivt møte med mange gode diskusjonar og innspel», sa leiar i idrettslaget Elinor Bolme etter møtet. «Vi fekk mange gode innspel og forslag, som styret no skal arbeide vidare med fram mot årsmøtet neste år», la ho til.
Les heile saka
I dag startar tradisjonelt haustsal ved butikken på Kårvatn – det skjer for å frigjere plass til nyheiter som er på veg inn. No skal lagret og butikken ryddast, og det er særdeles mange godbitar til sterkt reduserte prisar! Mykje klede, sko, turutstyr, skiutstyr…. Vi opnar haustaget i butikken i morgon!! – Men utvalet finn du også […]
Les heile saka
Fredag 14. oktober er Stangvik kyrkje arena for ein unik kyrkjetonekveld. Tenorperler, orgelmusikk, kor og nye salmetonar står på programmet. Tenorsolist Harald Bjørkøy og musikkskapar Ole Karsten Sundlisæter er P17-korets gjester med eit smakfullt program.
Les heile saka