I eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunane i fylket, som er finansiert av fylkeskommunen, kan huseigarar no få ta del i «Kampanje med digitale tenester», der ein kan få ein gratis og objektiv energianalyse av bustaden sin. Tildodet er gratis.
Les heile saka
Laurdag 15. oktober er den nasjonale «Elsikkerhetsdagen», der det er fokus på at du tek kontroll over di eiga elsikkerheit.
Les heile saka
Tysdag kveld var det stor givarglede da Todalen Sanitetsforening arrangerte sin årlege basar. Berre på førehandssalet kom det inn godt over 22.000, og i tillegg kom det inn mykje på kveldens basar. Maren Ansnes som er leiar i i foreninga rosa sambygdingane og tykte dei var rause til å støtte den gode saka til Sanitetskvinnene.
Les heile saka
Klassisk. Kreativt. Kortreist. Tre ord på K er beskrivande for fredagens konsert i Stangvik kyrkje. Tenoren Harald Bjørkøy, professor med norske, internasjonale og kongelege suksessar bak seg,
gir forsamlinga ein bugnande bukett av klassiske songperler. Publikum kan glede seg til utdrag frå Skapelsen (Haydn), arier av Rossini og Faure, Salme 24 av Wennerberg og Griegs «Landkjenning» og «I himmelen». Det skjer altså i Stangvik kyrkje fredag 14. oktober kl 19:00.
Les heile saka
Laurdag 15. oktober markerer Merkur-programmet den årlege «Handle lokalt»-dagen under slagordet «Handle lokalt – velg nærbutikken». Matkroken Todalen er med i Merkur-programmet, og markerer sjølvsagt «Hanle lokalt»-dagen med gratis kaffe og noko å bite i, for kundane som kjem innom denne dagen.
Les heile saka
Yr har dei siste vekene stort sett meldt regn, vind og dårleg ver, og veret har vore så ymse. Men måndagane har veret vore over all forventning.
Les heile saka
Svein Volle sitt bilete av vilt og vakkert vatn vart velfortjent røysta fram som månadens bilete for september.
Les heile saka
Siste nytt frå Todalen idrettslag er faktisk at trimgruppa kjem men eigen julekalender i år, fortel Sissel Halset Storslett som er leiar i TILs trimgruppe. No frir dei til alle kreative og nævenyttige sjeler om å være med å bidra med gevinstar til den nye julekalenderen. – Vi ser for oss heimlaga og kortreiste gevinstar […]
Les heile saka
For rundt halvanna år sidan vart hytterenovasjonen for Todalen flytta til Haugen vegkryss. Den nye ordninga har fått mange klagar, både frå dei med hytter og dei med feriebustad, i Todalen. Todalen bøgdalag og fleire eigarar av hytte- og feriehuseigarane har vore i kontakt med Remidt og klaga på ordninga, noko som til slutt gjorde at Remidt vel å lokalisere hytterenovasjon i Todalen att.
Les heile saka
Måndag pågår det arbeid med legging av nye stikkrenner på Dalavegen. Vegen er stengt for gjennomkjøring i Falla, og det er difor opna for omkjøring etter gammelvegen som går opp forbi Gammelfabrikken og dammen – denne vegen kjem inn på Dalavegen oppi Falla eit stykke. Gammelvegen er delvis grasgrodd, og du blir difor oppfordra til å kjøre forsiktig i den bratte skråninga forbi dammen.
Les heile saka
Fredag 14. oktober, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen. Den som førehandsbestiller innan onsdag er med i trekninga av ei suksessterte!
Les heile saka
Det var «fullt program» i Svinviks arboret søndag – først var det foredrag om rømte rhododendron, avløyst av ein kort kaffepause med eplekake og vaniljekrem, og til slutt var det opning av kunstutstilling i fjøset som høyrer til arboretet. Det er Sissel Halset Storslett som har separatutstilling der, og heile 26 kunstverk prydar veggane i fjøset.
Les heile saka