Dei såg da reint så skumle ut den gjengen vi trefte på utafor huset i kveld, men var da ein gjeng det var triveleg å få besøk av. Dei var 7-saman og kom frå Start 4H’s Halloweenfest i Todalsskulen no i kveld. Etter ein liten fotosesjon bars det vidare utover i Husbygrenda og Bekkerhagan med gjengen.
Les heile saka
Søndag 6. november klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til Allehelgensgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt G. Bøe er organist. Takkofferet under allehelgensgudstenesta går til kyrkjelydsarbeidet på vipps 506908.
Les heile saka
Tjukkerter har litt ukjent opphav, men den var nok vanlig i Nordland, på Vestlandet og på indre Nordmøre – alt tidlig på 1800-tallet var nok dette vanlig husmannskost. Gule erter, salta kjøtt og poteter var oppskrift på lang holdbarhet,og mettende kost med god smak.
Les heile saka
Start 4H inviterer alle, frå 0-101 år, til felles Halloweenfeiring i gymsalen på Todalen skule, måndag 31. oktober klokka 18:00 – 19:30. Ta med godteri og kle deg ut om du vil!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 31. oktober. Start frå Matkroken kl. 11:00. Blir du med?
Les heile saka
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunnet tett tåke og manglende sikt, er sambandet innstilt inntil videre, skriver Fjord1 i en melding kl 11:00 i dag. I en melding kl 11:13 meldes det om ny avgang frå Kvanne kl 11:30, da tåka ser ut til å lette.
31. oktober startar den landsdekkande kampanjeveka om eigenberedskap. I Surnadal kommune er det sanitetsforeiningane i Todalen og Surnadal, som vil stå for markeringane av eigenberedskapsveka, med arrangement rundt om i kommunen. I Todalen skjer dette onsdag 2. november på Matkroken Todalen.
Les heile saka
Siste helga i oktober er tid for å stille klokka. Det skjer natt til søndag, og da stilles klokka tilbake frå klokka 3 til klokka 2 – altså ein time tilbake. Dersom du er ein av dei som er i tvil om kva veg du skal stille klokka, så skal klokka alltid stilles mot sommaren. Det vil seie at om våre stiller vi den fram og om hausten blir det tilsvarande – ein time tilbake.
Søndag 6. november klokka 15:00 – 18:00 er det Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. Førehandssalet av lodd startar laurdag 29. oktober på Matkroken Todalen klokka 10:00. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926. Hugs å skrive namnet på loddkjøpar når du kjøper via Vipps.
Les heile saka
I kveld er det premiere for Svarrabærjet Teaterlags revy «Ut av skapet – inni boksen». Vi var på plass på generalprøven torsdag kveld vi måtte berre la oss imponere. Det vart halvanna timen med god underhaldning og skikkeleg mosjon for lattermusklane. Og her fikk vi bevist at det går an å sleppe til ungdommane – heile 12 av aktørane er debutantar på scena og i tillegg er det fleire debutantar som skribentar.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening har i fleire år samla inn julgåver til trengande i Estland. Julegåvene må vera innpakka og merka med alder og kjønn til mottakar.
Les heile saka
Torsdag 3. november klokka 11:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg ein fysioterapeut til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka