Søndag 6. november klokka 11:00, inviterer Trollheimen fjellsportklubb til miniløpet «Dammen opp». Dette er eit løp på i underkant av tre kilometer, og går opp Damveien på Nordvik, vegen som går opp dit ein kan køyre for å gå mot Ytre Sula/Nordviksula.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening har på medlemsmøte 1. november vedteke å nominere Kari Løvendahl Mogstad til å motta Fredrikkeprisen 2023.
Les heile saka
Søndag 6. november klokka 15:00 – 18:00 er det Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. Siste dag med førehandssalet av lodd, er i dag, fredag 4. november på Matkroken Todalen frå klokka 10:00. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926. Hugs å skrive namnet på loddkjøpar når du kjøper via Vipps. Siste frist for å kjøpe lodd via vipps, er laurdag 5. november klokka 24:00.
Les heile saka
Søndag 6. november er det allehelgensgudstenester i kyrkjene i S. Ei samling med vemod, men også lys. Ein ny tradisjon har vakse fram dei siste par tiåra. Allehelgensdag tek opp i seg to gamle høgtidsdagar – ein for alle heilage utan eigen minnedag (Helgemesse, opprinneleg 1. november) og Alle sjelers dag, 2. november. I Todalen kyrkje er det Allehelgensgudsteneste 6. november klokka 11:00.
Les heile saka
Tidlegare redaktør i Driva, og no forfattar, Svein Sæter, er saman med dottera, Yngvild Sæter, klar med ny bok. Surnadal bibliotek inviterer difor til lansering med Svein Sæter tysdag 8. november klokka 19:00 på Surnadal kulturhus.
Les heile saka
Sanitetsforeiningane i Todalen og Surnadal har ei felles Omsorgsberedskapsgruppr. Denne veka markerer dei den nasjonale eigenberedskapsveka rundt om i Surnadal kommune. Eigenberedskap er dessverre meir aktuelt enn på lenge, med krig i Ukraina, cyberangrep og hyppigare ekstremvêr, som mellom anna fører til flaumar, straumbrot og mobilnettutfall.
Les heile saka
Onsdag 9. november klokka 19:00, inviterer Litteraturhuset i Møre og Romsdal og Surnadal bibliotek til møte med den lidenskaplege Bob Dylan «nerden» Espen Aas, i kinosalen på Surnadal kulturhus.
Les heile saka
Måndag 7. november inviterer Tearer Vårt til «mimrestund» med Astrid Overaa i Todalen ungdomshus.
Les heile saka
I går var det som kjent Halloween, og på Nordvik vart feiringa av Halloween i år lagt til Snytå. Alle ungane på Nordvik var invitert til feiringa, og rundt tjue ungar tok turen opp til Snytå. I tillegg var det ein del vaksne som også vart med på feiringa.
Les heile saka
På Hageland Surnadal er det sesongstart på jula komande torsdag – da opnar alle hagesentera i Hagelandkjeda i heile Noreg. – Det er nemleg to travle periodar på Hageland kvart å – det er «våronna» som går frå april til juli og så er det «jul-onna» som går frå starten på november og fram til jul.
Les heile saka
Siste dagen i oktober gjekk kløverturen i Toåa tursti. Godt ver og god stemning!
Les heile saka
Det var spørsmålet som vart stilt i gymsalen på Todalen skule i kveld, der Start 4H hadde invitert alle til felles Halloweenfeiring. Her var det vist stor kreativitet, både i kostymer og ansiktsmåling. Også sjølve gymsalen var pynta til Halloweenfest. Rapportane fortel at det vart mest knask og lite knep i løpet av feiringa i gymsalen.
Les heile saka