Storhjort, tiger, sau og damer på Hamran er blant det du kan velje imellom i kåringa av månadens bilete for oktober. Det er berre å klikke seg inn og avgi din stemme før midnatt søndag 13. november.
Les heile saka
Storhjort, tiger, sau og damer på Hamran er blant det du kan velje imellom i kåringa av månadens bilete for oktober. Det er berre å klikke seg inn og avgi din stemme før midnatt søndag 13. november.
Les heile sakaKombinasjonsbiblioteket ved Todalen oppvekstsenter, vart lagt ned etter at skulen vart slått saman med Todalen og Stangvik oppvekstsenter og flytta til Evenshaugen. Tysdag 15. november mellom klokka 17:00 – 20:00, blir det difor arrangert (gratis) «sjølvplukk» av bøker, hyller og reolar.
Les heile sakaDei siste par vekene har det vore tømmerdrift i liene ovafor Husby, og no er jobben gjort og utstyret er på veg til neste destinasjon. Det er rundt 1250 m3 med gran som er hogge dei siste vekene, med 2 hogstmaskiner og ei maskin for nedkjøring i full svaing har det gått kjapt unna. Tømmeret […]
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 12. november i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00.
Les heile sakaKari Løvendahl Mogstad har opplevd spiseforstyrring innafor eigen familie, og har skrive bok om sine opplevingar saman med si dotter Selma. No kjem den utflytta Surndalingen «heim» for å fortelje om si erfaring med denne sjukdomen og for å bli bokbada. Torsdag 1. desember arrangerer Surnadal demensforening og helselag bokbad, der Kari Løvendahl Mogstad kjem for å presentere boka «Vår vei ut» som ho og dottera Selma har skrevet i lag. Det er Kari Evensen, som sjølv er sjukepleiar, som skal bokbade Mogstad.
Les heile sakaVil du gjøre søndagsmiddagen lettvint, så er det berre å ta turen til Todalshytta som søndag byr på skikkeleg god husmanskost til middag – nem lig kjøtt & påsse. Serveringa startar søndag kl 14:00 og held på til kl 17:00. Bestill middag på telefon eller SMS på 929 97 550 til Arve Evensen.
Les heile sakaTodalen Idrettslag og Todalen bøgdalag inviterer til julebord i Todalen ungdomshus laurdag 3. desember klokka 20:00. Det blir servert fleire typar ribbe, pinnekjøtt, medisterkaker og pølser med tilbehør. Etterpå blir det sjølvsagt servert dessert!
Les heile sakaDet er forlengst ein god tradisjon av den bilane som Halsbua/Matkroken bruka til utkøyring av varer heiter «Støvbrettet». Det grip heilt attende til 1949 da faren til Terje Nordvi, Edvart kjøpte ein bruka A-Ford 1946-modell til føremålet. Bilen var bruktimport frå England og vart bygd om til pick-up i Trondheim. Edvart Nordviks kommentar når han […]
Les heile sakaLaurdag 5. desember blir det skikkeleg heildags bursdagslag for kulturhuset. Egentleg var 20-årdagen den 18. jnauar, men da var enno alt usikkert rundt handteringa av pandemien og usikker smittefare. Men no er altså alt klart, og kulruturavdelinga i kommunen kunne i dag presentere eit skikkeleg og heildags program for den lokale pressa.
Les heile sakaTorsdag 10. november klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg ein fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka3 store danske semitrailere dukka opp for å levere nytt målingsutstyr på Talgø i dag. Det er Talgø MøreTre som rustar opp målingsavdelinga, og som skal starte med produksjon av ferdigmåla kledning til byggebransjen. Her var det både store og tunge kolli som vart lossa – det tyngste på heile 8 tonn. Her måtte gaffeltrucken gi opp og ein større kranbil frå Erling Søyset måtte til for å få dette kolliet innomhus.
Les heile sakaMåndag vart det montert nytt tilbygg på hytta til Gudmund og Wenche Kvendset på Kårvatn – nytt tømmerbygg som er levert av Handlafter’n Odd Magnar Gjeldnes. Ved hjelp av kranbil og sterke karar kom tilbygget på rundt 40m2 på plass i løpet av måndagen og var klart til tekkjing da vi stakk innom i skyminga måndag ettermiddag.
Les heile saka