Den 2. oktober er det 2 år sia brannen på Talgø gard, der gammelstua vart totalskadd. Heldigvis var forsikringane i orden, og dermed har planane om nytt hus teke form etter kvart. Sia den gongen har det pågått opprydding etter brannen og branntomta er gjort klar til bygging av nytt hus til erstatning for det gamle, fortel Anita Talgø som er byggherre.
Les heile saka
Dei siste turane til Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag, har gått i skikkeleg finvêr. I dag skulle Fjellgruppa sin tur eigentleg ha gått til Blåvjellet, men da vêrgudane ikkje spela på lag i dag, så vart det ein alternativ tur i Røsmorunden og til Kleiva, for dei fem «haurdhausane», som møtte opp og vart med.
Les heile saka
Surnadal frivilligsentral si følgesveinteneste starta i vår. Dette er ei teneste der folk, som treng følge til sjukehus, lege eller anna behandling, får ein følgesvein gjennom følgesveintenesta til frivilligsentralen. Dei har så langt fått inn mange oppdrag, så det er tydeleg at mange har behov for ei slik teneste.
Les heile saka
I nattens mulm og mørke har det ramla ned ei stor steinblokk uti Stranda – nærare bestem rundt hundre meter innafor rasteplassen. Steinblokka har hamna på vegkanten, heilt inn mot vegbanen, men hemmar ikkje trafikken. Det var vanskeleg å sjå kvar steinblikka var kome fra, men det er kanskje lurt for Veidekke å undersøke om […]
Les heile saka
Todalen Elveeigarlag legg vekt på at laksegenene frå Toåa skal førast vidare. Derfor er Statkraft pålagt å ale sette ut eit antal smolt som er knytt opp mot avtalen som Trønderkraft har med overføring av ein del av nedfallsområdet til Driva kraftverk. Kvart år blir det difor drive med stamfiske til denne prosessen. Eit antal laks blir fanga og frakta til stamlakshuset ved Bjøråa, og så blir det teke genprøvar for å sikre at ein avlar vidare på laksar med ekte «todalsgener».
Les heile saka
Veret var grått og surt, og det var yr i lufta. Men elleve turglade jenter stilte på Kløvertur til Tjønnmyran.
Les heile saka
Nye kongar er i tida, og lesarane til todalen.no er som vanleg med på det dagsaktuelle. Det majestetiske bilete Kongen frå Marita Nordvik Bruset vart velfortjent røysta fram som månadens bilete for august.
Les heile saka
Noko nytt, med noko meir gammalt, i Surnadal kulturhus denne hausten. Ein filmklubb skal vise filmar – gode filmar – som ikkje går på kinoane. Og gjerne filmar som har vunne seg ein rettmessig plass i filmhistoria, som tre av dei klubben sett opp i haust; «Casablanca», «Gjøkeredet» og nydelege «Cinema Paradiso». Eller nyare filmar som er på tur til å få tildelt ein slik plass, som oscarvinnaren frå i fjor «Nomadland».
Les heile saka
Torsdag 15. september klokka 11:00, inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur. Denne gongen går stavgangturen til Sjøasetervatnet. Oppmøte klokka 11:00 ved bommen, for samkøyring oppover lia.
Les heile saka
Brusetmarka er firma Arveid Gjerde frå Innfjorden, i sving med å utbetre rekkverket/glidekanten forbi Bjøråbrua. Fire bilar og 4 mann var i full sving med å demontere den gangel glidekanten for å erstatte denne med ny og høgare glidekant, som skal sikre brua og ferdselen over brua, fortalte Stian Bjerkeli frå firmaet
Les heile saka
Stangvik Sokneråd arrangerer busstur til Nidarosdomen søndag 25. september. For at turen skal bli realisert må vi ha minst 30 påmeldte. Vi starter med gudstjeneste i Nidarosdomen, og etterpå blir det lunsjbuffé på Ni Muser. Deretter guiding i Nidarosdomen.
Les heile saka
Fredag 16. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen.
Les heile saka