Endeleg er vi i gang. Etter ein hektisk periode med innsamling av gevinstar og sal av adventloddar er vi i gang med trekninga, seier Torill Talgø og Anita Talgø. Dei to representerer Todalen ILs trimgruppe som har trødd igang årets nykommar som dette adventlotteriet faktisk er. Trekninga kjem til å skje kvar dag fram til jul – 24. desember trekkjer vi siste gevinsten. Dei fleste dagane trekkjer vi ein gevinst, men enkelte dagar slår vi litt på stortromma og trekkjer to gevinstar. No har dei den første vinnaren klar…
Les heile saka
I ei pressemelding frå Talgø no på tidleg ettermiddag, får vi vite at Talgø lanserer ei ny royalkledning, som dei har kalla MøreRoyal-kledning 2.0.
Les heile saka
Søndag 4. desember klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til lysmesse i Todalen kyrkje.
Les heile saka
Surnadal kommune opna for at personar i aldersgruppa 18 – 64 år, utan underliggande sjukdommar, no kan få oppfriskingsdose. Dette gjeld også helsepersonell. FHI presiserer at det ikkje er ei generell anbefaling om at alle i denne aldersgruppa bør ta ny dose, heller ikkje for helsepersonell. Kvar enkelt må ta ei vurdering av behov for ny oppfriskingsdose ut frå eigen situasjon.
Les heile saka
Tysdag kveld hadde Surnadal Arbeiderparti medlemsmøte for å godkjenne kandidatane til kommunevalet 2023. Kandidatane vart først presentert for medlemane for ei veke sida, og på medlemsmøtet i kveld vart det gjort eistemmig vedtak om å godkjenne lista.
Les heile saka
Trimgruppas sal av adventkalendrar har gått over all forventning, og dersom du ikkje har fått kjøpt så hastar det no. Onsdag er siste salsdag, og torsdag så opnar dei første luka og trekkjer den første gevinsten. No nærmar det seg altå full utløysing av av spenninga – og spent blir det kvar dag fram til […]
Les heile saka
Vinteren er høgsesong for boligbrannar – test difor røykvarslaren torsdag 1. desember! Det er oppmodinga Norsk brannvernforening, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, det lokale el tilsyn, brannvesenet og Gjensidige kjem med før «Røykvarslerdagen» på torsdag. «Røykvarslardagen» er eit mangeårig samarbeid mellom dei ovanfornemnte.
Les heile saka
Endeleg er band 5 av det nye bygdebokverket for Surnadal kome i hus! Boka omfattar området frå Honnstad til Kvammen på sørsida av elva, og i tillegg markagardane Folddalen og Vinddøldalen.
Les heile saka
Siste måndagen i november vart det også siste kløverturen i 2022. Fint ver, og tur i Toåa tursti.
Les heile saka
Stangvik Historielag er ute med sitt årsskrift for 2022. Dette er det sekstande årsskriftet i rekka. Redaksjonen har denne gongen bestått av Marit Haugen, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes.
Les heile saka
Stangvik Grendalag inviterer til førjulsbasar i Bondehuset første helga i advent, nærare bestemt laurdag 3. desember klokka 16:00. Tradisjon tru blir det gratis mat og stort basarbord. I tillegg blir det, tombola, luftgeværskyting, ballkast og pilkast.
Les heile saka
Torsdag 1. desember klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka