Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag: Inviterer til tradisjonell 1. maimarkering i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 30. april 2023

Surnadal Arbeiderparti inviterer til 1. maimarkering i Surnadal kulturhus måndag 1. mai klokka 15:00. Markeringa startar med hornmusikk frå Surnadal Hornmusikk, som sjølvsagt har  «Internasjonalen» på sitt repertoar denne dagen.

Dagens hovudtalar er Ståle Refsti, ordførar i Sunndal kommune og ein god nabo. Refsti har vore ordførar sidan 2009 og representerer Sunndal Arbeiderparti.

Ordførar i Sunndal kommune, Ståle Refsti, er hovudtalar under 1. maimarkeringa i Surnadal. Foto: Privat

Mellom appellen og hovudtalaren vil Thon Hotel Surnadal selje kaffe og kaker.

Mot slutten av arrangementet vil det bli song og musikk av Karstein Mauset.  

Det heile blir avslutta med trekking av 1. mai-lotteriet. Det vil vere mogleg å kjøpe lodd i lotteriet fredag 28. april og laurdag 29. april på COOP Extra og Rema 1000 og sjølvsagt på 1.maimarkeringa på kulturhuset. Det er mange fine gevinstar, der hovudgevinsten er nok ein gong frå Talgø.  

– Håper mange følger tradisjon eller lager seg ny tradisjon fra i år, med å møtes for å feire denne kamp- og festdagen for arbeideren sammen, oppfordrar Annett Ranes i arrangementskomiteen for 1. maimarkeringa i Surnadal.

Arrangementskomiteen ønsker alle velkommen!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 30. april 2023, 18:03 - Sist oppdatert: 1. mai 2023, 07:18