Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stabil hjortbestand i Todalen – no fristar nygrøå

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. mai 2023

No når det er frisk og grøn nygrøå er det ikkje rart om hjorten blir frista ned på innmarka.  Måndag kveld var hjorten tidleg ute og tok lite hensyn til at det var litt biltrafikk.  På Ørsalhøgda var det eit trettital som «gassa seg» med denne godbiten.  Oppi liene er det nok berre bleik fynne enno, så det er nok ikkje rart om dei blir frista.  

Tysdag morgon såg det slik ut på Ørsalhøgda – vi rekna totalt eit trettital hjorta her. Foto privat

I april har det vore teljing av hjort på innmarka.  3 kveldar har dette foregått rundt omkring i heile kommunen, og Tore Gjul som er sekretær for viltnemnda fortel at bestanden av hjort er stabil når ein ser kommunen under eitt.  Maksteljinga i år var 607 dyr totalt – som er liten nedgang frå 618 dyr i fjor.  Frå 2019 er det ein nedgang frå 1034 dyr.  Stammen  var da i fer med å bli for stor, så det var ei bevisst handlign å redusere stammen til dagens nivå, sier Gjul.

Stor buskap på innmarka ved Dakotamyran frå ungdomshuset og innover mot Reitan. Bildet er teke sist torsdag kveld. Foto John Moe

I Todalen vart det i år telt 88 dyr, og det er ein oppgang frå 86 dyr som vart registrert under teljinga i fjor.   – Tilsvarande tal for Stangvik, Kvanne og Nordvik er 232 dyr i år, 250 dyr i fjor og i 2019 var det registrert heile 481 dyr.  Her og vart stammen redusert, etter som det var for mange dyr og stort beitetrykk på innmarka. 

 

Publisert: 2. mai 2023, 08:40