Onsdag 22. mars kan du sette av dersom du er interessert i det som skjer i næringslivet på Nordmøre. Da arrangerer Sparebank1 Nordmøre ny næringslivsdag – ein viktig møteplass for næringslivet på Nordmøre. Her kan du skafffe deg nye relasjoner og kontakter, og hente ny motivasjon og nye impulsar. Vi kan snart feire 20-årsjubileum for våre næringslivskonferansar, og har fått mykje positive tilbakemeldingar på våre arrangement og kan vel seie at vi på mange måtar har sett Surnadal på kartet, seier Liv Dalsegg, som er rådgjevar marked i banken.
Les heile saka
Reordarta sal av fastelavnsris er eit bevis for at Todalen sanitetsforening er godt etablert i bygdesamfunnet – det er no 107 år sia Thora Mæhle Talgø og resten av gjengen starta sanitetsforeninga og arbeidet med folkehelsa. Sjølv om det ikkje skjer på same måten, så er det like aktuelt den dag i dag. Berre i Todalen vart det selt fastelavnsris og lerkehjerter for eit femsifra beløp i helga – faktisk rekordarta omsetning.
Les heile saka
Feittysdagen har lange tradisjonar her i landet, uten at vi skal «rippe opp» i det. Karen Johanne Talgø er glad i å lage mat, og ho har gjort det til ein tradisjon å invitere nokr naboar, slekt og venner til kjøtt og påsse på sjølvaste feittysdagen. Tysdag kveld var gjengen samla rundt bordet på Vestrum – hos Karen Johanne.
Les heile saka
Nordmøre Forsvarsforening, som fram til i fjor heitte Indre Nordmøre Forsvarsforening fylte 40 år i 2022. Jubileet vart ikkje feira i fjor, men vil i staden bli markert under foreininga sitt årsmøtet i år.
Les heile saka
I eit presseskriv frå Vårsøghelga, får vi presentert programmet for Vårsøghelga 2023, som går føre seg i Surnadal frå torsdag 25. mai til og med søndag 28. mai. Det er tydeleg at arrangørane i år har satsa på kvalitet, for her finn vi artistar som Marius Djupvik, Elisabeth Andreasson, Ole Edvard Antonsen, Roar Engelberg og Erling With Aasgård med fleire. I tillegg vil det vere mange forskjellege arrangement i tilknyting til Vårsøghelga.
Les heile saka
Torsdag 23. februar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka
Idrettslaget Søya minner om sitt årsmøte i klubbhuset ved Søyabanen i kveld klokka 19:30. På saklista står vanlege årsmøtesaker som Årsmeldingar, Rekneskap, Budsjett og val.
Les heile saka
Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 26. februar klokka 11:00. Liturg er Torbjørn Brøske og Bernt G. Bøe er organist. Takkoffer, via Vipps 506908, til Kyrkjelydsarbeidet.
Les heile saka
Veka som kjem er det vinterferieveka i størstedelen av landet, og Surnadal kino har difor sett opp langt fleire filmar enn til vanleg – både for dei som strikkar, og for dei som ikkje gjer det.
Les heile saka
Søndag ettermiddag samla Todalen historielag sine tropper til ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Hovudaktiviteten var å arrangere bildekviss med historisk tilsnitt, men det var sjølsagt bakels & graut og andre godsaker til ettermiddagskaffen – og loddsal for å finansiere det heile. Arrangementet samla eit stort trettital med historieinteresserte, og det var historielaget leiar John Moe god nøgd med.
Les heile saka
Todalen Idrettslag melder i kveld at tredemølla og romaskina fungerer som dei skal, etter å ha blitt reparert i dag. På tredemølla er det no skifta band og på romaskina er det motstandsmotoren som er skifta.
Les heile saka
I dag var det full trøkk i Surnadal Alpinsenter, med konskurranse for både store og småe. Dyktige skirennarar hadde startnummer på brystet, og kjempa om pokalar og medaljer i løypene. Dag Skei satt «til rors» i anlegget i dag, og han kunne fortelje at det nok blir ekstra aktivitet i alpinbakken neste veke, når det er vinterferie og alpinanlegget er ope kvar dag frå kl 11 til kl 16.
Les heile saka