Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

VM: Sterk plassering på vertikalen for Erik

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. mars 2023

I dagens vertikal i VM i randonee i Boí Taüll gjorde Erik Kårvatn eit nytt sterkt løp, og hamna på 9.-plass – 1:18.8 etter bestetida for  U20 men.  Vertikal er «førstemann til toppen», og er ei øving som Erik likar godt. I den bitande kulda i den spanske fjellheimen var det berre å gi gass oppover mot toppen.  Først i mål var Oriol Olm Rouppert  frå Andorra, med sveitseren Loic Dubois på andreplass og Julian Tritscer frå Østerrike.  

Les heile saka

«Henning-stipendet»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. mars 2023

I ei pressemelding no på tidleg føremiddag, frå Surnaal kommune, får vi informasjon om «Henning-stipendet». Eit stipend som skal gå til unge kunstnarar i alderen 13 – 20 år. Søknadsfristen er sett til 15. mars. 

Les heile saka

Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. mars 2023

Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte onsdag 29. mars klokka 19:30 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker og utdeling av «Årets bilete». Det blir servert kveldsmat. 

Les heile saka

Kvinnedagen blir markert på Frivilligsentralen også i år

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. februar 2023

I år, som i fjor, inviterer Surnadal Arbeiderpartiet, Surnadal SV og Folkeakademiet i Surnadal til markering av den internasjonale kvinnedagen. Markeringa skjer i Frivilligsentralen sitt lokale på skei onsdag 8. mars klokka 19:00. Det er gratis inngang! 

Les heile saka

Tapt og funne – hanskar på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. februar 2023

Er det du som har mista hanskane dine på parkeringsplassen på Tjønnmyran.  Eit par hanskar vart funne der måndag kveld, og du får dei att på Matkroken – ferddig tørka, melder handelsmann Nordvik.


Erik kom til semifinalen i VM – knekte staven

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. februar 2023

Randonee-VM er alt i gang og alt i 8-tida var Erik Kårvatn på startstreken for å kvalifisere seg for å kome vidare til kvartfinale og semifinale.  I kvalifiseringsrunden oppnådde Erik nest beste tid, og gikk dermed glatt vidare til kvartfinalen, der han gikk i heat 4.   Han kom på 3.-plass i 4. heat i kvartfinalen og gikk dermed vidare til semifinalen, der han gikk i første av to heat. 

Les heile saka

Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. februar 2023

Styret i Todalen historielag kallar inn til årsmøte tysdag 28. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. Det blir servering av kveldsmat. 

Les heile saka

Bli med på trim i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. februar 2023

Torsdag 2. mars klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!

Les heile saka

Erik på Spaniatur – klar for nye tak i Boi Taüll

Jon Olav Ørsal Måndag 27. februar 2023

Erik Kårvatn er på skikkeleg «utror» denne veka, da går nemleg turen til Boí Taüllai Spania, der han skal delta i VM i randonee  som blir arrangert i perioden 28. februar til 5. mars.   Alt tysdag kl 08.28 står det kvalifisering til sprint på programmet for Erik som går i klasse U20.

Les heile saka


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. februar 2023

Fredag 3. mars, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga. 

Les heile saka

Stor støttekonsert i Åsskard kyrkje på onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 26. februar 2023

– Ønskjer du å støtte dei katastroferamma i Syria og Tyrkia? Da kan du koma til Åsskard kyrkje onsdag 1. mars klokka 18:00! Denne oppfordringa kjem frå koret «Prosjekt 17» og Åsskard sokneråd. Dei står bak konserten der lokale artistar tek eit krafttak for nødsarbeidet som Kirkens Nødhjelp driv i jordskjelvområda. Støtten gjeld også det krigsherja Ukraina.

Les heile saka