Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste bakeriutsal før jul hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. desember 2022

Fredag 16. desember, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til siste bakeriutsal før jul. Sidan dette er siste bakeriutsal før jul, ønsker Lia gard å gje bort ei julekorg full av god julebakst, til ein heldig vinnar som blir trekt ut blant dei som førehandsbestiller varer til utsalet deira på fredag. 

Les heile saka

Perfekte forhold på skeiseisen

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. desember 2022

Knut Bergli i Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag kan melde om perfekte forhold på skeiseisen på Bordholmen stadion no. Det kalde vêret dei siste dagane har gjort at det har vore mogleg å lage is att. 

Les heile saka

«Seniorfilmklubben» avsluttar haustsesongen med kinomagi

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 11. desember 2022

«Cinema Paradiso» er siste film ut i Seniorfilmklubben denne hausten, og blir vist på Surnadal kinoonsdag 14. desember klokka 12:00. Det er ikkje tilfeldig at akkurat denne filmen avsluttar haustsesongen, for få filmopplevingar er meir magiske enn denne italienske oscarvinnaren frå 1988. 

Les heile saka


Adventlotteri – ellevte trekning søndag 11. desember

Jon Olav Ørsal Sundag 11. desember 2022

Da er vi klare til å røpe kva som skjuler seg attafor luke nummer 11.  Denne gongen er det også to gevinstar – den eine gevinsten er ein flott trebolle, som det står Bente Mogstad på og dermed så havnar den i Surnadal.  Den andre gevinsten er ein flott gryteklut som nok hamna på Kvennset…. […]

Les heile saka

Start 4H selde kornband

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. desember 2022

I dag, mellom klokka 11:00 – 14:00, hadde Start 4H rigga seg til med stand utanfor Matkroken Todalen, der medlemmer frå klubben selde kornband. Vinteren gjorde sitt inntog for nokre dagar sidan, med både snø og kuldegrader, gjorde at salet vart bra. 

Les heile saka

Svorka med straumapp

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. desember 2022

Med dyrare straum er gode råd dyre, eller kanskje ikkje? Onsdag 7. desember lanserte Svorka den nye Svorka-appen som gir straumkundane full kontroll over eige straumforbruk. Appen er heilt gratis å laste ned og å bruke, og er tilgjengeleg for alle Svorka sine straumkundar.  

Les heile saka

Adventlotteri – tiande trekning laurdag 10. desember

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. desember 2022

Det er stigande spenning i adventlotteriet, for attafor luke nr 10 fann vi to gevinstar – den eine gevinsten er også eit produkt som kjem rett frå naturen, nemleg eit flott hjortsteik.  Dette blir nok prima vare for den heldig vinnaren som er  Elisabet Aas.  Dagens andre vinnar får nye og heimlaga kjøkkenreiskap – laga i einer.  

Les heile saka

Kaldvêr og høge straumprisar sett sitt preg på dagane

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. desember 2022

Etter det siste snøvêret denne veka har gradstokken gradvis gått nedover etter kvart som det har klårna opp.  Den lågaste temperaturen har vi nok målt natt til laurdag, med -13,4 rett utafor kontorglaset.  Enkelte plassar har det vore enda eit par-tre grader kaldare, slik at vi kan sjå 15-talet og sågar 16-talet ovafor Falla.  Medan […]

Les heile saka

Nypreparerte løyper på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 9. desember 2022

Driftsleiar for vinteranlegg i Todalen Idrettslag, Ståle Ansnes, kan melde om nyoppkøyrde løyper i lysløypa på Tjønnmyra. Det er ganske fine forhold for å gå på ski, men det er litt løst i traseen foreløpig. 

Les heile saka

Adventlotteri – niende trekning fredag 9. desember

Jon Olav Ørsal Fredag 9. desember 2022

Attafor luke nr 9 fann vi eit reit naturprodukt – nemleg ein pose med 2 kg tyttebær som Marit Sanden Søyset eigenhendig har plukka.  Den heldig vinnaren er Ivar Bolme som no har prima råstoff for å lage trollkrem – eller røra tyttebær til elgsteika?  Fredag den 9 var det også to gevinstar – den […]

Les heile saka

Fin og lun advendtstund på Evenshaugen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 9. desember 2022

I går kveld inviterte Foreldrearbeidsutvalet (FAU), elevane og dei tilsette ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter på Evenshaugen foreldre og søsken til adventstund. Elevane, med hjelp frå lærarane, hadde laga underhaldning med sketsjar, dans og songar, der temaet sjølvsagt var jul, og som dei framførte under adventstunda.  

Les heile saka