Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa starta haustsesongen med tur til Liagarden

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. august 2023

I går starta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag haustsesongen med tur til Liagarden. – 15 spreke fjellfolk møttest for fjelltur, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa. 

Start i sol langs Gråsjøen. Foto: Anne V. Einum

Vermeldinga var ikkje på sitt beste, men moralen var god, så vi la trøstig i veg, fortel Kristian. 

Godt med matpause undervegs på lang tur. Foto: Anne V. Einum

Vi var ikkje heilt sikre på kor langt det var, men det var det, fortsett han. 

Gaddane lyser opp i Folldalen. Foto: Anne V. Einum

– Solid rast inni fjøset på Liagarden. Rart å tenkje på at folk hadde levd der, og henta næringa si frå fjellet, legg han til. 

Frodig setervoll på Liagarden. Foto: Anne V. Einum

Regnelingane samla seg inni dalbotnen, og sjølv om vi held god fart framatt, nådde tora og regnet oss att. Alle var nok våte, meir eller mindre, men motet var godt, så vi takka for turen og samdes i at det hadde vore ein gild dag!, avsluttar Kristian.

Etter tur med sol, styrtregn og torden. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilete frå turen til Liagarden i går ser du nedanfor. 

Publisert: 2. august 2023, 06:04