Konfirmasjonen nærmar seg, og før sjølve dagen, blir konfirmantane samla til samtalegudsteneste, der dei har sentrale oppgåver. Tysdag 18. april var konfirmantane i Åsskard, Todalen og Stangvik samla til samtalegudsteneste i Åsskard kyrkje, og dei som var der, fekk ei fin oppleving!
Les heile saka
Søndag 23. april er Verdas bokdag. Surnadal bibliotek markerer dette med «bokloppis» i foajeen på Surnadal kulturhus frå fredag 21. april klokka 11:00 til og med søndag 23. april.
Les heile saka
Under Vårsøghelga laurdag 27. mai klokka 13:00, inviterer Vårsøghelga til «boksøg» med Guri Sørumgård Botheim, leia av Svein Sæter. Dette er eit arrangement i samarbeid med Møre og Romsdal forfattarlag, og det blir musikalsk innslag ved Sigurd Brørs.
Les heile saka
I mange år har dei samarbeidd om å markere at våren og vipå er komen. Torsdag 20. – laurdag 22. april er det vårfest på Syltøran – det er Sveen Auto, Eiksenteret, Byggmakker Surnadal og Hageland Surnadal som er vertskap, og dei har mykje å by på disse dagane – Du kan glede deg til massevis av gode vårtilbod, grillmat, pizzasteiking, utstillingar, kaffe og kaker, rømmegraut og spekemat, presentasjon av nyheiter, eller kosrt og godt sosiale dagar med mykje folk og mykje god latter.
Les heile saka
Jan Ove Ekeberg har hatt stor suksess med sine bøker med handlinga lagt til vikingtida. Tysdag 25. april klokka 19:00 kjem han til Surnadal kino på kulturhuset.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening arrangerte laurdag 15. april strikkekaffe og måndag 17. april kløvertur, altså tilbod om sosialt samvær både innomhus og utandørs.
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag inviterer til vårens siste trim i Trudvang torsdag 20. april klokka 11:00 – 12:00. Dei har også den siste trimøkta fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka
Kulturavdelinga i Surnadal kommune orienterer om dei forskjellege tilskotsordningar dei har til kultur og idrett det komande året, som har søknadsfrist søndag 30. april. .
Les heile saka
Surnadal Skytterlag og Surnadal Jeger og Fiskerforening inviterer til våpenkveld på Angråmyra skytebane torsdag 20 april klokka 19:00.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 17. april. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00 . Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Det var nok litt surt for Erik Kårvatn i dag – han var 6 hundredels sekund frå plass i kvartfinalen i laurdagens sprint i Tromsø’s gater. Han kom på 31.plass i kvalifiseringa på tida 2:30,7 som er ei så god tid at han slo legenden Antonioli da – det er iallfall ei lita trøst. Dagens norske helt vart nok Hans-Inge Klette som vann kvartfinalen og kom heilt til finalen, der han fikk ein flott 4.-plass.
Les heile saka
World Cup-arrangøren hadde ein kjmpedag i går, med ei spektakulær sending på NRK1 som fekk synt fram Tromsø og Kvaløya på sitt aller beste. I dag får vi meir av same sorten, men i dag er det sprint som står på programmet. Randonee-landslaget er på plass og det er også Erik Kårvatn som gjorde eit veldig sterkt løp i går, da han vart klokka inn på 28 plass eller kanskje vi heller skal seie at han kom på top 30-lista.
Les heile saka