Motiv med både fire og to føter, himmelfenomen og spegelblank fjord er noko av det som kan oppsummere året 2022. Det er klart for å gå til avstemming for årets bilete!
Les heile saka![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2023/01/2022-624x346.png)
Motiv med både fire og to føter, himmelfenomen og spegelblank fjord er noko av det som kan oppsummere året 2022. Det er klart for å gå til avstemming for årets bilete!
Les heile sakaMåndag ettermiddag kunne Surnadal Senterparti presentere listetoppane til haustens kommuneval. Det har vore knytt stor spenning til nominasjonsprosessen etter at Margrete Svinvik ga beskjed om at ho ikkje stilte til gjenval. Det er mykje som skal klaffe i ein slik nominasjonsprosess, og no var altså tida inne for å presentere den nye trioen på toppen av lista.
Les heile sakaTorsdag 26. januar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile sakaVi opplever at det er knytta spenning til aktiviteten i byggebransjen, men opplever også at det er stor etterspørsel etter bustader – både lokalt og i heile regionen. Talgø dei siste årahar sikra seg byggekapasitet gjennom oppkjøp av Talgø Agrobygg i Bindal kommune, Tradbo i Tingvoll og no sist Einar Mork Snekkerverksted i Averøy.
Les heile sakaStyret i Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort her på Todalen.no 7. mars.
Les heile sakaI fjæra i Hyllnesbukta trefte vi Stig Are Gulla i ferd med å gå i land etter ein båttur utpå fjorden. Stig er ivrig hobbyfiskar, og har vore utpå for å sette ut garn i området ved vorpneset. På nyåret har det vore såpass kaldt og vindfullt, så det har vore eit begrensa aktivitetsniva, fortel han.
Les heile sakaTodalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 29. januar klokka 11:00. Bjørn Hovde er liturg, medan Bernt G. Bøe er organist.
Les heile sakaLaurdag kan Surnadal hornmusikk endeleg få feira sitt 125-årsjubileum. Jubileet var i 2021, men på grunn av koronaen vart jubileumsfeiringa den gongen utsett. Laurdag 21. januar klokka 19:00 inviterer dei, saman med vener, til jubileumskonsert i Storstuå på Surnadal kulturhus klokka 19:00. Frode Alnæs er kveldens konferansier.
Les heile sakaDet fine vintervêret vi har harr dei siste dagane, tek nok snart slutt. Frå måndag og utover veka blir det ein mildare vêrtype og litt regn. Før helga forsett det med opphald og tildels fint vêr, med temperaturar som så vidt viser kuldegrader. På yr.no ser vi at det blir eit skifte frå måndag.
Les heile sakaDet er kyrkja i Surnadal som inviterer til fellesmiddag på Kyrkjehuset onsdag 25. januar, med start kl 16.30. Dersom du et middag åleine, kan det være triveleg å ete i lag med nokon eller kanskje kan det være godt å sleppe både matlaginga og oppvasken etterpå. Meld deg på og bli med på ein triveleg fellesmiddag!
Les heile sakaTorsdag 19. januar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile sakaFør jul fekk Surnadal kommune og Frivilligsentralen eit brev frå Møre og Romsdal Fylkeskommune. I brevet stod det at dei fekk 21.000 kroner til utdeling blant kommunen sine innbyggarar, som treng det mest i jula. Da Surnadal Sanitetsforening allereie var i gang med si utdeling, valde dei å venta til etter jul, da januar også kan vere ein særs vanskeleg månad for mange.
Les heile saka