Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa sesongavslutta med finvêrstur til Norskå

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. september 2023

I går sesongavslutta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag med ein skikkeleg finvêrstur til Norskå i Tingvoll kommune. 24 turglade fjellvandrarar møtte opp og vart med på sesongens siste fjelltur. 

Vi møtte ryttar og hest frå Stall Stølen. Foto: Anne V. Einum

Norskå var eit nytt turmål for Fjellgruppa. – Den gode vegen, og etter kvart stien, viste at dette var eit populært turmål for mange, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.

Oppover fin sti med røtter. Foto: Anne V. Einum

Mange sprekingar møtte vi, både som kom ned att frå morgontur og som nådde oss att på opptur, fortel han.

Sti som eit smykke i naturen. Foto: Anne V. Einum

Stort sett berre kvikke damer, som slett ikkje virka frustrerte, legg han til.

Ein imponerande fin tur – med overraskande vidt utsyn. Foto: Anne V. Einum

Vel oppe ved toppflagget var det eit overlag utsyn vidt omkring, sjølv om vi «berre» var 450 meter over flomerket, heiter det i rapporten frå turen. 

Tjønn og topp like bak toppvarden. Foto: Anne V. Einum

– Nordmøre er vakkert – ikkje minst ein slik klår haustdag, seier ein entusiastisk Kristian. 

Flott utsyn rudt om i alle retningar. Foto: Anne V. Einum

Og vi såg både heim til Surnadal og Knykjen, – liksom litt tryggare da, når vi var så langt heimåfrå, fortsett han.

Ser innover Surndalsfjorden og heilt heim. Foto: Anne V. Einum

– Men ikkje verre enn at vi til års skal prøv oss på grannefjellet, Kjerkjeberget eller Tuvå som dei seier lokalt, avsluttar Kristian.

Tilbake til toppvarden. Foto: Anne V. Einum

Ein kan trygt seie at det vart ei sesongavslutning i overlagsvêr!, som det heiter i rapporten frå turen.  

Ser ned på Tingvoll og Tingvollfjorden. Foto: Anne V. Einum

Fjellgruppa skal ha avslutningssamling på Hammerstuene seinare i haust. Meir informasjon om dette kjem etter kvart på Trollheimsporten.no og Toddalen.no, så følg med! 

Publisert: 27. september 2023, 06:18