Surnadal Pensjonistlag inviterer til vårens siste trim i Trudvang torsdag 20. april klokka 11:00 – 12:00. Dei har også den siste trimøkta fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka
Kulturavdelinga i Surnadal kommune orienterer om dei forskjellege tilskotsordningar dei har til kultur og idrett det komande året, som har søknadsfrist søndag 30. april. .
Les heile saka
Surnadal Skytterlag og Surnadal Jeger og Fiskerforening inviterer til våpenkveld på Angråmyra skytebane torsdag 20 april klokka 19:00.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 17. april. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00 . Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Det var nok litt surt for Erik Kårvatn i dag – han var 6 hundredels sekund frå plass i kvartfinalen i laurdagens sprint i Tromsø’s gater. Han kom på 31.plass i kvalifiseringa på tida 2:30,7 som er ei så god tid at han slo legenden Antonioli da – det er iallfall ei lita trøst. Dagens norske helt vart nok Hans-Inge Klette som vann kvartfinalen og kom heilt til finalen, der han fikk ein flott 4.-plass.
Les heile saka
World Cup-arrangøren hadde ein kjmpedag i går, med ei spektakulær sending på NRK1 som fekk synt fram Tromsø og Kvaløya på sitt aller beste. I dag får vi meir av same sorten, men i dag er det sprint som står på programmet. Randonee-landslaget er på plass og det er også Erik Kårvatn som gjorde eit veldig sterkt løp i går, da han vart klokka inn på 28 plass eller kanskje vi heller skal seie at han kom på top 30-lista.
Les heile saka
På tide å skifte frå vintersko til lettare sommarsko – Todalen Mjølk reknar med at vinteren og snøvêret er over for i år og setter på sommarhjul for å gjera klart til våronna. På primstaven er det da 14. april som er første sommardagen på «sommarsida» og når meteorologane spår sommartemperaturar for heile 10-dagersperioden så er vel ikkje hjulskifte noko å vente med.
Les heile saka
Det var eit kjempefint innslag frå WC i randonee i Tromsø – dagens idividuelle konkurranse hadde 62 deltakarar i seniorklassen for mann, og dagens vinnar i seniorklassen vart Remi Bonnet frå Sveits på tida 1:05:02,67. Beste nordmann vart Hans Inge Klette på 16.-plass, medan Trym Dalset Lødøen kom på 22.-plass. Erik Kårvatn gjorde og eit kjempeløp og kom på 28. plass på tida 1:17:00,10. «Solid for ein unggut som enno har mykje å lære å kome inn på topp 30-lista», var kommentaren til NRK-reportaren.
Les heile saka
Påska markerer slutten for vinterens Stikk UT!-sesong, og i årets innspurt vart heile 22 000 turmål registrert. 10 000 turgåarar har deltatt på Stikk UT! Vinter i år, og totalt er nesten 150 000 turar registrert i årets sesong.
Les heile saka
Tysdag 18. april er det ny balldag på Todalshytta – som tidlegare er det fritt val mellom sildball med stekt flesk og potetball med saltkjøtt som tilbehør. Serveringa startar frå kl 15:00 og går heilt fram til kl 18:00. Bestill gjerne på epost arve@todalshytta.no eller på SMS/telefon 929 97 550.
No er det mykje hjort på innmarka – reknar med at den varme fønvinden har sett fart på nygrøå på innmarka, og det er nok «furkunnmat» for hjorten. Astrid Longva Kvendset har var på hjortesafari torsdag kveld, og har sendt oss bilder av fangsten ho gjorde. Tilsaman var det rundt 40 dyr – 30 på Ørsalhøgda, 5 i den gamle lysløypa og 5 mellom Oddøya og Halsabrua.
Les heile saka
I dag er det julaftan og 17. mai på ein gong for randonee. For første gong i historia blir ein individuell randonee-konkurranse sendt direkte på Norsk TV, og da er det sjølvsagt NRK1 som gjer det. Det blir totalt 17 kamera/droner som blir bruka i TV produksjonen. Sendinga startar kl 13.15, start damer kl 13.30 og start herrer kl 15.20.
Les heile saka