Mannskoret Tarrakarrain frå Averøya er denne helga på turne på Indre Nodrmøre. Søndag 11. juni kl. 14:00 held dei konsert i Svinviks arboret.
Les heile saka
Mannskoret Tarrakarrain frå Averøya er denne helga på turne på Indre Nodrmøre. Søndag 11. juni kl. 14:00 held dei konsert i Svinviks arboret.
Les heile sakaFjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i går turen til Bølia, og det vart ein skikkeleg finvêrstur og sommartemperatur for dei 21 som var med på turen. Turen er på rundt 3,5 kilometer opp til toppvarden på 703 moh.
Les heile sakaDet er nok ikkje berre siloslåtten som blir derge i gang når vi no snart nåt midten av juni. På fylkesvegen innover til Todalen var det full aktivitet med kanslått langs vegkantane forbi parkeringsplassen til Svinviks arboret.
Les heile sakaOla Kvendset er i gang med slåtten, og har tenkt å nytte finvêret dei næraste par dagane til å få unna 1.-slåtten. Ola Har nærare 400 mål, og har dei siste par vekene venta på høveleg slåttavêr for å sette i gang. Ola fortel at det er nokon lunde brukbare avlingar, spesielt der det er nyekrer, men han hadde egentleg forventa litt meir. Han skuldar på det kalde vêret, men legger da til at ein kan da ikkje vente at alle får vêret slik dei vil ha det :-).
Les heile sakaVed midnatt onsdag 15. juni går startskotet for fiske etter laks og sjøaure i Toåa. No er det travle tider for styret i Todalen Elveeigarlag som skal få alle detaljar på plass til fisket startar. Styreleiar Stig Husby fortel at det er eit stort engasjement og det er nok både elveeigarar og fiskarar som gler seg til at laksefisket kjem igang.
Les heile sakaI går og i dag har betjeninga ved Matkroken Todalen, regionsjefen for Coop Matkroken og andre montert digital prismerking av alle daglegvarene i heile butikken. Regionsjef Nils H. Oksvoll i Coop Matkroken kan fortelje at skjermane på dei nye digitale prislappane er dei første i Coopsystemet i Norge som har fargeskjermar, noko som gjer at tilbodsvarer får raude prisar, medan ordinære prisar står med svart.
Les heile sakaSøndag 11. juni klokka 11:00 inviterer Surnadal Golfklubb til si tradisjonelle og særs uhøgtidlege, men likevel så viktige lagturnering «Et slag mot kreft» på Surnadal Golfpark på Mo. Dette er ei turnering alle golfklubbar over heile landet arrangerer i samarbeid med Kreftforeningen, og er ei lavterskel golfturnering som er perfekt for nybegynnarar.
Les heile sakaHelge Røv (AP) har fremja ein interpellasjon til kommunestyremøtet 15. juni. Han spør om det ikke er på tide å vurdere deler av Todalen skule ombygd til boligar for flyktningar.
Les heile sakaI dag var representantar frå Surnadal Senterparti på synfaring for å sjå på Øyabrua, og slå av ein prat med folk som brukar brua, for å kunne danne seg eit bilete av kva som kan gjerast med brua. Øyabrua har vore stengt for køyretøy over to tonn og med breidde på meir enn litt over to meter sidan november 2017.
Les heile sakaOnsdag morgon var det ein kjapp «aksjon skogrydding» på kyrkjegarden. I regi av soknerådet vart to bjørktre tekne ned og fjerna ved hjelp av gravemaskin, motorsag og traktor.
Les heile sakaI går kveld var det duka for fotballkamp og eit skikkeleg lokaloppgjer da Søya/Todalen sitt G 11-lag spela mot Kvass/Ulvungen på Bordholmen stadion. Og tilskodarane fekk sjå ein bra og spennande kamp.
Les heile sakaTodalen Idrettslag minner om dugnaden, som er annonsert tidlegare, i ungdomsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion onsdag 7. juni klokka 17:30. Ungdommane blir spesielt oppfordra til å møte opp, for på den måten å vere med å påverke korleis rommet blir når det er ferdig.
Les heile saka