Stangvik Grendalag og Stangvik Historielag inviterer fredag 28. juli frå klokka 12:00 til familiedag med gamal historie og ny kultur. Familiedagen er knytta til «Den Trondhjemske postvei» og startar med ein fin tur frå Vang til Stangvik. Under vegs vil ein får sjå nye verk av seks lokale kunstnarar og ein indianar.
Les heile saka
Todalen Idrettslag har investert i fotballgolf på Bordholmen stadion. Så da har idrettslaget enda ein aktivitet å tilby sine medlemmer og andre på anlegget på Bordholmen.
Les heile saka
Ein skal leite lenge etter større kontrastar enn Oppenheimer, «far» til atombomba, og Barbie. Men kritikarane ser ikkje den store forskjellen: begge filmane har fått svært gode kritikkar!
Les heile saka
Todalen Idrettslag inviterer til dugnad i Toåa tursti fredag 21. juli klokka 11:00, for litt vedlikehalds- og reparasjonsarbeid på den fine og populære turstien sin. Det trengs folk med river, ryddesag, motorsag og arbeidslyst.
Les heile saka
Arve Evensen sier han har hatt flere gjester i år enn i fjor på Todalshytta, og gleder seg veldig til neste år. Evensen har hatt besøk av journalist Geir Forbregd i Driva, og han har tatt pulsen på livet på Todalshytta – både på verten og på gjestene. Bla videre så kan du lese om livet på Todalshytta…
Les heile saka
I dag var ein gjeng frå Eldrerådet i kaffekroken på Matkroken samla på Talgø gård for å friske opp gamle kunster med hesjing. Hesjing er ikkje så vanleg lenger, men gjengen som hadde møtt opp, hadde definitivt ikkje gløymt gamle kunster, så det gjekk fort og effektivt å sette opp hesja.
Les heile saka
Stall Åsbø, det er Silje Marie Otterlei Husby, som har starta med stalldrift heime på Åsbøen. Silje har fagbrev på hest, med læretid på Langedrag og har etterpå starta i det små med hestar og ridekurs. I sommar har ho teke skrittet og arrangerer to 3-dagers rideleirar.
Les heile saka
Ta ram ta tam ta ram ta tei! Her er det berre rote litt i veska og få på seg fornuftige sko, for Tango for to fotografert av Mari Redalen er månadens bilete for juni.
Les heile saka
Ola Kvendset fortel at det har «rømt» 5-6 ungdyr som han har på beite i Brusetgrenda, nærare bestemt på Elvagard. Dyra er lokalisert i Brusetbotnan, men tross fleire forsøk har det ikkje lykkast å fange dei inn igjen. Dei vart skikkeleg skremt at toreveret for nokre dagar sia, og treng nok litt tid for å roe seg ned igjen, seier Ola.
Les heile saka
Laurdag 22. juli, mellom klokka 11:00 – 13:00, inviterer Lia gard til «sommarope» bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen no i ferien. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.
Les heile saka
Det er sterk mistanke om at det no er ulv i nærområdet, og i Trøndelag er det funne kadaver i kommunar som grensar til Møre og Romsdal. Da kan den lett ta turen over grensa til Nordmøre, så saueeigarane er litt «på tå hev» no.
Les heile saka
Kjell Gunnar Polden har sendt oss nokre bilde frå søndagens sommargudsteneste – han skriv: «Sommargudstenesta i Todalen kyrkje var godt besøkt. Nærare førti personar hadde funne vegen i godvêret. Prest Bjørn Hovde snakka om at det er viktig å ta vare på alle, og brukte likningar som eksempel.
Les heile saka