Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ulven

Meld frå til SNO dersom du ser ulven!

Jon Olav Ørsal Måndag 17. juli 2023

Det er sterk mistanke om at det no er ulv i nærområdet, og i Trøndelag er det funne kadaver i kommunar som grensar til Møre og Romsdal. Da kan den lett ta turen over grensa til Nordmøre, så saueeigarane er litt «på tå hev» no.

Difor er det viktig å være litt observant og om muleg ha kamera/telefonkamera tilgjengeleg for å ta bilde når du er ute på tur eller ferdast slik at du treffer på ulven.  Det er viktig at slik info kjem vidare til Lars Olav Lund i Statens naturoppsyn, som kan sette i verk aktuelle tiltak.

Måndag kveld var det klart at det vartgjeve fellingsløyve på ulv i området, etter at det vart funne fleire kadaver i Engdal, Valsøybotn og i Rindal.  

Du kan lese meir om ulven på Driva.no

Først publisert: 17. juli 2023, 12:32 - Sist oppdatert: 18. juli 2023, 08:32