Det var nok mange som var spent på kva som kom til å skje på «verfronten» utover kvelden og natta i går. Det var meldt ekstremvêr på orange nivå for distriktet her, men vi har nok så langt sluppet unna det verste regnvêret. Som meldt er det Østlandet som har fått det meste, og «Hans» har nok feid over landet lenger sør enn kva som var meldt frå YR.NO.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgang torsdag 10. august klokka 11:00. Da går turen til Ranessetra. – Det blir samkøyring frå bommen i Modalane, så møt opp der 11:00, seier Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Les heile saka
Fredag 11. august, mellom klokka 12:00 – 16:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.
Les heile saka
I går inviterte Venner av Skulsuå i Todalen til kaffeslabberas i Skulstuå. Vi har fått ei ein rapport frå Venner av Skultuå i Todalen, som du kan lese nedanfor. Den fortel om eit vellykka arrangement med mykje folk.
Les heile saka
I alle media informeres det om ekstremvêret «hans» er på veg over Sør-Noreg. Det er ekstreme mengder med regn som er venta og det er stor fare både for flaum og jord/steinras. For Surnadal kommune er det orange ekstremfare.
Les heile saka
Ane Thingstad har arbeidd i kaffeen i arboretet i sommar, og synest ho har hatt den beste sommarjobben som tenkjast kan.
Les heile saka
Aron Rodal Haugen kom i mål på nest beste tid under VM i Skyrun i Gran Sasso i Italia. Litt av ein prestasjon etter 13,9 km i den i den krevjande løypa og med 27 deltakarar i klasse A, som er yngste klasse. Søndag er siste VM-dag i Gran Sasso, og Erik Kårvatn som er den andre VM-deltakaren frå Trollheimen Fjellsportklubb deltek i klasse C, og han kom på ein 12.-plass i den 21,6 km lange løypa i hans klasse.
Les heile saka
Saman med det norske landslaget er Aron Rodal og Erik Kårvatn på plass for å delta i VM i Skyrunning. VM arrangerast i Gran Sasso i Italia i perioden 4.-6. august, og her er det deltakarar frå 31 land.
Les heile saka
I morgon, søndag 6. august klokka 12:00 – 15:00 inviterer Venner av Skulstuå til kaffeslabberas i Skulstuå. Det blir sal av kaffi og gode kaker.
Les heile saka
Frå 16. august blir det fleire ferjestrekningar som blir gratis for trafikkantane – mellom anna ferja til Smøla som går frå Sandvika til Edøya. Tidlegare er ferja mellom Hendset og Arasvika gratis, medan du framleis må betale for ferja mellom Seivika og Tømmervåg. Men kjem du altså frå «indre» så er ferjeturane gratis til Smøla – og har du ikkje vore på Smøla så er det så absolutt verdt å ta turen.
Les heile saka
Tirsdag 8. august inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur, og denne gongen går turen til Mogstadsetra. – Der kan vi gå inn og sitte tørt med matpakkane våre, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.
Les heile saka
Onsdag 30. august inviterer Nordmøre Forsvarsforening og Nordmøre Brigadeveteranforening sine medlemmer til den tradisjonelle forsvarshistoriske sommarturen, I år går turen til Kvalvik Fort på Frei i Kristiansund.
Les heile saka