Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Handledag med oppslutning utan like

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. oktober 2023

Bygdefolket viste at dei sett stor pris på nærbutikken sin, da Matkroken Todalen arrangerte lokal handledag sist laurdag.  Matkroken Todalen er ein såkalla Merkurbutikk, og er slik deltakar i dette prosjektet som faktisk er landsomfattande nettverk av utkantbutikkar.  Laurdag var det altså mobilisert for nærbutikkane over heile landet.  

Full trøkk i Kaffekroken med gratis kaffe og blautkake til alle som ville ha. Foto Jon Olav Ørsal

Matkroken Todalen står framfor eit generasjonsskifte, og bygdefolket forstår at det er viktig å bruke den lokale nærbutikken dersom den skal leve vidare.  Med nedlegging av skule og barnehage friskt i minnet er det naturleg at det blir gjort ein innsats for å bevare nærbutikken.  For nærbutikken er ikkje berre ein plass du handlar naudsynte daglegverer, med det er også ein sosial møteplass, der du kan møte både naboen og du kan treffe venner og kjente. 

Matkroken Todalen som er «Halsbua» i daglegtale – laurdag var det full trøkk både i butikken og i kaffekroken. Foto Jon Olav Ørsal

I samband med handledagen var det mykje folk innom butikken på laurdag – full trøkk var det også i Kaffekroken der det vart servert gratis kaffe og blautkake denne dagen.  Både store og småe tok seg tid til litt traktering og ei triveleg stund med kaffekoppen på ein elles travel handledag.  Det kom faktisk folk frå både fjern og nær som ville vise at dei setter stor pris på nærbutikken.  

Nedafor har vi laga eit lite bildegalleri frå laurdagens handledag på Matkroken Todalen.  

Publisert: 14. oktober 2023, 16:34