Månadens bilete i april skal bli kåra, og i april var det både vinter og vår. Kåringa blir avslutta på bursdagen til Einar Gerhardsen og Fred Astaire, altså 10. mai.
Les heile saka
Månadens bilete i april skal bli kåra, og i april var det både vinter og vår. Kåringa blir avslutta på bursdagen til Einar Gerhardsen og Fred Astaire, altså 10. mai.
Les heile saka17. mai nærmar seg, og i år har alle 17. maikomiteane i Todalen og Stangvik skulekrins laga eit felles program for feiringa av nasjonaldagen. Så her kan ein velge og vrake mellom forskjellege arrangement rundt om i bygdene i skulekrinsen.
Les heile sakaDa har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for mai og juni 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for juli og august, vil bli lagt inn i starten av juli månad.
Les heile sakaDet er funne eit messetelt på 3 ganger 3 meter av merket O B Wiik på parkeringsplassen ved nedkøyringa til Haltbkken. Teltet er teke vare på, og eigar kan få det att ved å ta kontakt med redaksjonen i Todalen.no på telefon 986 11 707, så opprettar vi kontakt med finnaren.
Les heile sakaI sol frå blå himmel tok 22 stavgangarar i går sesongens andre stavgangtur til Glærum. Det var oppmøte og parkering ved kalkstranda. Derifrå gjekk turen opp til toppen, og ned att til kalkstranda, der det var kaffe og sosialt samvær.
Les heile sakaTorsdag kveld var det vårdugnad på Bordholmen stadion. Klubbhuset vart vaska og rydda, og det vart klargjort for montering av nyinnkjøpt kjølehjørne, som det er plana å montere på neste dugnad, laurdag den 13. mai.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 6. mai i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile sakaI dag har Treffast Surnadal vore hos Ole Johan Kvendbø på Eidet og pakka ved i sekkar. Ole Johan er storprodusent av ved, og Treffast var der for hjelpe til med å pakke vedsekker som skal delast ut komande vinter. Treffast får bidrag frå det lokale næringsliv, og ønsker difor å gje noko attende til næringslivet og lokalsamfunnet i Surnadal.
Les heile sakaOgså i år arrangerer Surnadal JFF jegerprøvekurs. I år går kurset over to helger i Surnadal JFF sitt klubbhus, Nordsida 198 på Tellesbø. Jegerprøvekurset går helgene 2. – 4. juni og 9. – 11. juni.
Les heile sakaDet var faktisk eit førtital som møtte på kyrkjegardsdugnad onsdag kveld. Kristian Gjeldnes som er leiar i soknerådet tykte det var svært oppmøte og godt var det, for da vart arbeidet fort unnagjort. Dugnaden var rett og slett vanleg vårrydding etter vinteren, med raking av lauv og tørrkvistar og litt oppretting av gravstøtter som telen har herja med.
Les heile sakaSvinviks arboret, i samarbeid Surnadal Hagelag, inviterer til vårdugnad i Svinviks arboret onsdag 10. mai klokka 18:00. Så har du lyst til å vere med å gjere arboretet klart til ein ny sesong, er det berre å møte opp i arboretet og bli med på vårdugnaden.
Les heile sakaSøya/Todalen sitt G11 lag sesongopna med heimekamp på Bankslettå mot Tingvoll G11. Vêret var grått og kaldt, men spelarane såg ut til å ikkje bry seg så mykje om akkurat det, for det vart ein jamspelt og underhaldande kamp med mange mål og mykje godt spel på kunstgraset.
Les heile saka