Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

It’s hard to be a nissemann

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 10. desember 2023

Og Brage Einum frå Surnadal, er av dei nissemennene som slit mest på arbeid før jul. Fredag 15. desember klokka 19:00 er han tilbake i Storstuå på Surnadal kulturhus, denne gongen saman med Travelin’ Strawberrees.

Han har akkurat gjort unna julekonsertane til SKUV – med to fulle salar. Og det ser ut til å bli bra besøkt på fredag også. Så langt har godt over 200 sikra seg eit musikalsk møte med Ivar Gafseth, Tore Johansen, Erling Mylius – og Brage Einum.

Brage har vore fast medspelar for suksesstrioen frå The Julekalender sia 2019. og i år er det booka inn åtte konsertar no i julestria.

Trioen Gafseth, Johansen og Mylius har ei lengre historie saman før innspelinga av julekalenderen tilbake i 1994. Alle var med i den trøndske supergruppa Difference, starta i 1966 og med sin første suksess med «Tree of Love» året etter. Og Tore Johansens stemmeprakt er også dokumentert før i kulturhuset, m.a. med glansnummeret «O helga natt».

Kanskje blir den også å høre fredag, i tillegg til Beatles-låtar og musikk frå «The Julekalender».

Billettar til konserten med Travelin’ Strawberrees

Publisert: 10. desember 2023, 21:30