Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjøkkenbasar på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. desember 2023

Alf Prøysen syng «Det er morosamt med jula for desse som er små». I Nordvik forsamlingshus kunne det søndag kveld passe å synge «Det er morosamt med BASAR for desse som er små»!

Her hadde dei små, dei litt større og unge både ansvar og arbeidsoppgåver under basaren. Åreseljarane var unge, men dei heldt styr både på årer, pengar og utdeling av gevinstar!

Desse fire jobba heile kvelden med åresalg. Frå venstre: Oda, Ingrid, Idun og Ingeborg. Foto: Dordi Jorunn Halle

Basarbordet bugna av fine gevinstar, – gevinstane var gåver frå private og frå bedrifter og butikkar. Førehandssalget av lodd hadde gått godt! Fredag før basaren selde dei lodd på Hals. I Todalen vart dei møtt med stor velvilje; – loddsalget gikk riktig så bra. Så todalen.no fekk i oppdrag å takke for det!

Nyrenovert kjøkken!

Denne førjulsbasaren var altså kjøkkenbasar. Kjøkkenet i forsamlingshuset er heilt nyrenovert; både tak, vegger, golv og nytt innreiing. Det er også installert nytt elektrisk opplegg og røropplegg. Komiteen på kjøkkenet var kjøle godt fornøgde med resultatet! Ola Nordvik, leiar i Nordvik Grendalag, kunne fortelje at skåpa var innreiing frå gamle Øye skule og hadde lege på lager nokre år, men dei var både fine og praktiske. Med nye benkplater vart det superfint!

Tonje Kristin Vikan og Anna hadde ansvar for loddsalget! Ola Nordvik med ein av gevinstane. Juletreet er nytt. Det er kunstig og er ei gåve frå dei fire grunneigarane som på skift har stilt med juletre frå skogen tidlegare. Treet er retteleg fint. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Mykje av arbeidet har vore gjort på dugnad; svært mange har gjort ein kjempeinnsats! Ola Nordvik retta ein stor takk til alle, men han kom med ein spesiell takk til Palmer Vikan som har vore primus motor i heile dugnadsperioden. «På Nordvik har vi folk som til saman kan alt!», vart det også sagt.

Styret i Nordvik Grendalag er: Ola Nordvik, Kristoffer Nordvik junior, Fay Mossing, Tonje Kristin Vikan og Kenneth Sæterbø.

Styret melder at det kom inn rett over 30 000 kroner på basaren, og det er dei svært godt fornøgde med. I tillegg har dei fått 75 000 kroner frå Sparebankstiftelsen, og 32 000 kroner kom inn på Spleis, så alt dette er eit godt bidrag til oppussinga av kjøkkenet i forsamlingshuset.

Styret rettar ein stor takk til alle som har bidrege med gevinstar, kjøpt lodd, bidrege på Spleis og til alle som kom på basaren!

Til slutt litt praktisk info frå styret: Hjartestartar er montert utanfor ytterdøra i Forsamlingshuset; det kan vere greitt å vite. Neste arrangement er gudsteneste søndag 17. desember, og 2. juledag er det tradisjonell juletrefest.

Fleire bilete:

Palmer Vikan fekk takk og ros for innsatsen. Foto: Dordi Jorunn Halle

Stort oppmøte på Kjøkkenbasaren. Foto: Dordi Jorunn Halle

Tonje Kristin Vikan er kasserar og ordna med loddsalget. Her i lag med Anna. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Fay Mossing var kjøkkensjef. Ho synest det kjekt med nyrenovert kjøkken. Foto: Dordi Jorunn Halle.

Trekningsliste:

 

Publisert: 11. desember 2023, 09:42