Sist laurdag reiste mange lokale fotballspelarar til Norway-Cup i Oslo. Kampane tok til søndag formiddag, og dei siste finalane blir spela i morgon. Totalt var det 20 spelarar frå Søya/Todalen som sette kursen til Oslo og Norway-Cup. Dei fleste av spelarane frå Søya/Todalen spelar no for Surnadal, men 4 spelarar spelar for Surnadal/Søya G 13 og 3 spelar for Kvass/Ulvungen-Søya/Todalen G 14. 3 av dei 20 spelarane frå Søya/Todalen er frå Todalen. Alle dei lokale laga er no ferdigspela og spelarane stort sett komne heim.
Les heile saka
Kvar sommar dukkar problemet med mangelfull informasjon om hytte- og fritidsrenovasjon opp. Dette gjeld både kvar ein kan få levert avfall, men også om kvar ein kan få tømt campingtoaletta på campingvogner og bubilar.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag starta haustsesongen med stavgangtur til Krokvatnet i går. Og rapportane seier at det vart ein fin tur i med sol og god temperatur.
Les heile saka
Vi har ryktesvis høyrt at det skal startes arbeid med renovering av kjøkken i Forsamlingshuset på Nordvik. I dag stoppa vi for å sjå kva som foregikk, og da trefte vi Palmer Vikan som var i ferd med å rive ut gamal kjøkkeninnreiing. Men han fortalte at arbeidet berre var i startfasa, og at han måtte demontere eit sak for at elektrikaren skulle få kome til for å koble frå noko utstyr.
Les heile saka
Laurdag 12. august er det klart for årets kunsthending i Surnadal kommune, som dei har kalla Surnadal Open. Da er det nemleg sett opp buss, med avgang frå Surnadal kulturhus klokka 12:00, der ein vil besøke Bondehuset i Stangvik, Odd Ingar Skrøvseth i Todalen, Kallastua, Finstuå og Surnadal Billag.
Les heile saka
Denne veka arrangerer Surnadal Teakwondoklubb sommarleir i Surnadal med rundt 400 deltakarar. Sjølv om mykje dreier seg om teakwondo desse dagane, så har arrangøren også lagt til rette for mange andre aktivitetar deltakarane kan delta på. Vi kan nemne strikkekaffe hos Design by Marte Helgetun, Østbødalen gym og favntak, tur på Reiret i Todalen og omvisning med servering på Todalshytta.
Les heile saka
Onsdag var Per Ørsal på moltetur i området ved Snekkardalshalsen, og der rett i lyngen utafor stien fann han denne hundselen som nokon hadde mista. Den låg litt nedafor stien som går frå Snekkardalshalsen og innover Snøfjellet i retning Midtryggen/Bjøråskaret. Per tok den med ned, og søker no etter eigaren, og har lagt den inn på Matkroken i Todalen etter som han bur i Molde.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Todalen Meieri blir det informert om at selskapet er i forhandlingar med Surnadal kommune om å overta bygningsmassen til Todalen skule. Plana vidare er å etablere verksemda til Todalen Meieri der. Dei har lege i startgropa for å etablere meieriverksemda i eigne lokalar heime i Utigarden på Kvennset – no kan planane bli endra. Lokala til Todalen skule har stått tomme sia skulen vart nedlagt i 2021.
Les heile saka
I går starta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag haustsesongen med tur til Liagarden. – 15 spreke fjellfolk møttest for fjelltur, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag startar haustsesongen med stavgangtur til Krokvatnet torsdag 3. august klokka 11:00. Oppmøte ved Dønnem bedehus for samkøyring.
Les heile saka
Under familiedagen i Bondehuset var det forskjellige aktivitetar og utstillingar både ute og inne.
Les heile saka
Tida etteer raset i 2013 vart det lagt ut mange nyheitssaker her på Todalen.no. Sakene ligg framleis på Todalen.no i arkivet for juli og august 2013, og kan hentast fram i dagen dersom du har lyst til å friske oppatt det som skjedde på den tida. Vi har lagt alle linkane på denne sida for å gjera det enkelt for deg som lesar – attafor linken ligg datoen da sakene vart lagt ut og denne høyrer sjølvsagt ikkje til linken.
Les heile saka