Onsdag dro heile 9.-trinnet ved ungdomskulen (SUBUS) til Todalen på telttur. Teltplass fann dei på Bordholmen stadion, der dei også kunne bruke fasilitetar som WC og sosiale rom. På Bordholmen rigga dei til stort grillparty, med grillmat og tilbehør til heile hopen på rundt 60 deltakarar med smått og stort.
Les heile saka
Tysdag 12. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur, og denne gongen går turen til Møkkelfjellet i nabokommunen Heim. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30 for samkøyring til Fjærli i Valsøybotn.
Les heile saka
Om du vil det eller ei, så er det eit tegn på at ei ny årstid er i kjømda når brøytestikkene blir sett ut. September er ei travel tid for Jenstad Maskin på Gjøra, fortel Ivar Magne Gravem, som onsdag var i full gang med å sette ut brøytestikker etter fylkesvegen rundt bygda. – Ein kan no saktens håpe på at det går nokre veker enno, før det blir behov for brøytestikker.
Les heile saka
I dag gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til den nye Kavlvegen på Eidet. – Yr hadde sendt eit fjelgt langtidsvarsel, men frå morgonen drog dei lokale vergudane fram svarte hausar uti fysnå, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa. – Men det vart med hætingjen, og 28 opplagte turfolk stilte opp der vi parkerte på Åsen, held han fram.
Les heile saka
Framtidsfullmakt engasjerer mange – Surnadal sanitetsforening samla fullt hus på Surnadal VG skule for ei vekes tid sia, og tysdag kveld kom det eit 40-tal i Sanitetshuset på Kvennset. Det var Inger Grete Lundemo frå Advokatene Lundemo i Surnadal som heldt foredrag for eit lydhørt publikum her.
Les heile saka
Dersom du er forhindra i å stemme på valdagen 11. september kan du ennå gjera borgarplikta di ved å førhandstemme på kulturhuset. Der er det høve til å stemme både i kommunevalet og fylkestingvalet. Det skjer i foajen på kulturhuset, til og med fredag 8 september. Fram til torsdag 7. september er opningstida 9.00 – 17:00, medan den fredag er 9:00 til 15:30.
Les heile saka
August var ein månad med pels, perlemorskyer, panorama og pollen. Ikkje gløymt å avgi din stemme i valet av månadens bilete før du går til stemmeurna for kommune og fylkestingsvalet. Godt val!
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 7. september til stavgangtur til Kvenndalen. – Vi kjører opp til gapahuken og går innover dalen, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Les heile saka
Fleire lokale lag deltok på Rindalscup 2023 i går, søndag 3. september. Vi har fått nokre rapportar og bilete frå Anders Gjeldnes, Line M. Kvendset, Karin Åsbø og Ola Dalsegg, som var med og «bivåna» årets utgåve av Rindalcupen i går. Vi takkar for bidraga, og rapportar og bilete kan du lese og sjå nedanfor!
Les heile saka
Fredag 8. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.
Les heile saka
Måndag 4. september blir dei første krøttera henta ned frå beite i Kvennsetdalen. I sommar har det vore nærare 80 storfe på fjellbeite i Kvennsetdalen, men no er sommaren på hell, og da bers det heimover, og dyra vil bli henta puljevis ned frå fjellet, fortel Ola Kvendset. Han ber om at billistar viser litt hensyn når det er dyr i vegbanen mellom Rossåbrua og Kvennsetøran.
Les heile saka
Det er firmaet Norva 24 frå Stryn som melder at firmaet kjem til Todalen for slamtømming av septikanlegget ditt. Tømming vil skje i vekene 36/37 (perioden 4. – 15. september) dersom alt går etter plana. I veka som gikk fikk alle melding om slamtømming og kva tiltak som må gjerast. Norva 24 har avtale med Surnadal kommune om tømming av septikkanlegg
Les heile saka