Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aktive konfirmantar – Bibel og kyrkjeliv

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 18. januar 2024

Tysdagar etter skuletid samlar Torbjørn Brøske og Bernt G. Bøe årets konfirmantar i Todalen, Stangvik og Åsskard kyrkjer til konfirmantundervisning, ei av dei av tre kyrkjene. Før konfirmantundervisninga tek til, serverer sokneråda mat og drikke. Bernt G. Bøe har sendt oss ein rapport om kva konfirmantane får lære gjennom konfirmantopplæringa. 

 


Dei unge er framtida – for kyrkja som for samfunnet elles. Konfirmantane har sin høgsesong i vekene som kjem.

Og her går læring og kreativitet hand i hand. I tillegg til undervisning (lovfesta dåpsopplæring) kjem aktiv gudstenestedeltaking, diakonioppdrag og ymse fellessamlingar.

Laurdag 20. januar har konfirmantar frå heile indre Nordmøre samling i Straumsnes. 19. mars er dei hovudaktørar i den landsomfattande Fasteaksjonen for Kirkens Nødhjelp.

Ringarar i Stangvik-domen. Foto: Elin Mo

Unge liturgar i praktisk teneste

«Prestetimane» står sentralt. I gudstenestene er innlagt oppgåver i tråd med eigne ønske – klokkeringing, vertskap, prosesjon, dåpsassistanse, lesing, lystenning og ulike symbolmarkeringar. Dei unge får mykje ros hos kyrkjebesøkande for dette. Nettopp slik aktivitet er definisjonen på «liturgi».

Tema Bibelen

Tysdag stod «Bibelen» på dagsorden for gruppa i Stangvik, Todalen og Åsskard – som har felles opplegg også denne vinteren. Prest Torbjørn Brøske opna «bøkenes bok» for 14-åringane – heilt bokstaveleg.    

Salmenummer kjem opp i Todalen. Foto: Bernt G. Bøe

Dei unge kunne nok ein del frå før. Ja – ein av gutane visste endatil kva ein «tora-rull» var! Dermed fekk bibellærar Brøske ånda over seg: – Toraen er dei fem Mosebøkene i starten av Det gamle testamentet, forklarte han – etter muntre forslag i gruppa om at det handla om «ver og toreslått».

Jesus pugga salmar!

Gammeltestamentet var skrive på hebraisk. Torbjørn synte ein tillaga skriftrull med bokstavar frå høgre mot venstre. – Slik var ein historisk pergamentrull, sa han. – Pergament er tynt dyreskinn. Enda eldre er «papyrus», tverrpressa flak av papyrus-stilkar, som har gjeve namn til vårt «papir».

Med seg hadde han sin eigen velbruka hebraiske bibel frå studieåra midt på 1960-talet. (Men han fortalte ikkje konfirmantane at han som teologistudent lærte seg mykje av dette på eiga hand. Heller ikkje, det somme av oss andre veit, at han under eksamen imponerte professorane med resultata av sjølvstudiet i hebraisk!)

Blide kyrkjevertar i Åsskard. Bernt G. Bøe

Derimot gav han levande innblikk i «Davidssalmane» – boka som Jesus også song og pugga salmar frå. Og som Torbjørn gjerne nemner i preikene sine: – Jesus siterte ofte frå salmeboka, endatil da han hang på korset!

Jesu liv i Nytestamentet

Den korte søkta i Todalskyrkja denne tysdagen var også ein tur innom Det nye testamentet – opprinneleg på gresk. Rundt borda vart det notert mange fakta – mellom anna om Bibelens land, som i dag er å rekne som krigssone.

Enkle kartskisser viste åstadene for mange hendingar i Jesu liv – Genesaretsjøen, Jordan og Dødehavet langt under Middelhavets nivå. – Begrepet «opp til Jerusalem» stemmer altså på mange vis. Og Betlehem, berre 10 km unna, er i praksis ein del av Jerusalem i dag, forklarte Torbjørn.

Inngang med prosesjonskorset i Stangvik. Foto: Konfirmant

Paulus før evangelia

At Paulus-breva i Bibelen er eldre enn dei fire evangelia, var nytt for mange. Paulus levde til år 67. Evangelia etter Markus (eldst), Matteus, Lukas og Johannes kom til i åra 66-110.

Bestseljaren

Kanskje veit heller ikkje alle at Bibelen er bestseljaren av alle bøker i verda. Med sine nesten 2000 språk den mest omsett og bruka av alle bøker! (Og den boka som oftast blir stolen, kan vi føye til …)

Med mykje ny og bekrefta bibelkunnskap takka konfirmantane for pølser, brød og lærdom da dei strauk heim etter «prestetimen» i Todalen.

Dåpsassistanse – ei høgtideleg oppgåve. Foto: Konfirmant

Kyrkjetonar og salmesus

Neste gong, i Åsskard, er temaet kyrkjetonar – med innlagt lekseprøve om nettopp Bibelen!

Lysa i globen symboliserer omtanke og forbøn. Foto: Konfirmant

I tida som kjem, er det som nemnt mykje å vera med på. Deriblant ein kveld med «Salmesus» i Stangvik kyrkje 6. mars. Den er open for alle, salmeboka er tema og songkor hjelper til med å skape den fulltonande susen.

Rekonstruert hebraisk skriftrull – med teksten frå høgre mot venstre. Foto: Bernt G. Bøe

 

Torbjørn med sin hebraiske bibel frå sjølvstudiet på 1960-talet. Foto: Bernt G. Bøe


 

Publisert: 18. januar 2024, 19:00