

Søndag vart det arrangert distriktsprøve for gjetarhundar på treningsområdet ved Nordholten. Det var Midtnorge gjetarhundlag som stod som arrangør, og det var både godkjenningsprøve for gjetarhundar og konkurranse dem i mellom – altså kunkurranse i både klasse 1 og klasse 2.
Les heile sakaKyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 25. oktober klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile sakaSøndag føremiddag stakk vi innom kulturhuset for å sjå og høyre om Svarraberget Teaterlag og deira aktivitetar. I Storstua var det fullt liv og her pågjekk det danseøvingar på scena, og jammen svinga det godt rundt denne gjengen som vart leia av Stine Valde. Det er no knappe 3 veker til premieren, så det blir nok ei travel tid framover for gjengen i Svarraberget. I år skal det være 2 førestillingar, 10. og 11. november, og det er nok berre å sette av tid og gå til innkjøp av billettar, for dette såg bra ut.
Les heile sakaI morgontimane er det driftsproblem på ferjestrekninga Kvanne – Rykkjem. Meldinga frå Fjord1 kl 10.16 lyder kort og godt: «Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna driftsproblem vert sambandet innstilt inntil vidare». Frå kl 12:00 er det igjen normal drift i sambandet!
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. oktober. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaDette skriv Svorka i dag på ei pressemelding vi har fått. Denne veka opplevde Svorka å få Facebook-kontoen sin misbrukt i eit svindelforsøk. I samband med ein konkurranse dei har hatt på Facebook-sida si den siste tida, så har fleire av deltakarane i konkurransen opplevd at nokon, som gav seg ut for å vere Svorka, har teke kontakt via kommentarfeltet, og ba om at konkurransedeltakarane klikka på ei lenke og registrerte seg, for å ikkje bli kansellert som vinnar.
Les heile sakaDenne veka pågår Noregs største byggvaremesse – Bygg Reis Deg 2023 i Nova Spektrum på Lillestrøm. Her er nærast heile byggebransjen samla, med 380 utstillarar og 30-40.000 besøkande i løpet av messa som pågår i perioden 18. – 21. oktober. Messa er opa for både profesjonelle og private, og Talgø er sjølvsagt ein av utstillarane.
Les heile sakaEtter eit styremøte i Nordvik grendalag i vår, vart det vedteke å kjøpe inn ein hjartestartar til Nordvik forsamlingshus. Med dei nærmaste hjartestartarane lokalisert på Kvanne og i Todalen, ville grendalaget få tak i ein hjartestartar som var lokalisert i nærområdet sitt, for på den måten å redusere tidsbruken ved akutt hjartestans, der kvart minutt er heilt avgjerande. Å få ein eigen hjertestarter på Nordvik, var difor eit sterkt ønske frå grendalaget.
Les heile sakaDet blir vist mykje kvalitetsfilm på Surnadal kino dei neste par vekene. Her er det berre å «meske» seg med godbitar på kinoen! Det blir vist filmar både på dagtid og ettermiddag/kveld dei komande vekene. Her kan vi også sjå filmen BUNADSGERILJAEN, filmen om kvinnene som kjempa(r) for fødetilbodet, mellom anna i Kristiansund.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening og «Inn på tunet»-damene Helga og Solveig inviterer til «songkveld» i eldhuset i Oppistua på Øye måndag 23. oktober klokka 19:00. Så er du glad i å synge, og meiner vi skulle songe meir saman? Da er Oppistua på Øye rette staden å ta turen på måndag!
Les heile sakaSurnadal frivilligsentral og Surnadal Ungdomsklubb startar i dag eit gratistilbod for ungdomar mellom 10 og 16 år. Måndagar til og med torsdagar i tidsrommet 15:00 til 18:00 vil det bli mogleg å få seg ein matbit i ventetida mellom skuleslutt og til fritidsaktivitetar startar.
Les heile saka