Laurdag 30. september er siste dag i årets trimsesong i appen Trimpoengappen – «På tur i Todalen 22-23, og søndag 1. oktober tek den nye «På tur i Todalen 23/24» altså til. Todalen Idrettslag fortsett altså med den populære trimappen også i den komande trimsesongen.
Les heile saka
I går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag invitert til stavgangtur til Vindøldalen. 26 stavgangarar møtte opp for å bli med på ein finvêrstur opp i Vindøladalen.
Les heile saka
Knut Haugen er for lengst komen i gang på sin nye arbeidsplass i Sparebank1 Nordmøre. Knut er direktør for forretningsstøtte, og er med i leiargruppa rundt Allan Troelsen. Orkdalingen Arne Elven har ei liknande stilling for privatmarknaden, og dei to samarbeider sjølvsagt nært. Dei to leiarane er knytt til Surnadalskontoret , men har kontorplass både i Kristiansund og i Surnadal. Banken har nemleg 2 hovudbasar – i Surnadal og i Kristiansund. Stab og støtte er fordelt på dei to basane. Disse to støttebasane sørvar eit tital lokale støttepunkt i regionen som banken betener.
Les heile saka
No er asfaltarbeidet i gang frå Ranes kyrkje og over Eidet til Åsen. Arbeidet sluttar torsdag kveld, og startar på igjen måndag morgon, og heile neste veke. Det vil nok bli ein del anleggstrafikk, og du må rekne med at trafikken blir hemma der asfaltlegginga pågår. Til og frå Surnadal er det lurt å rekne eit kvarter ekstra på grunn av asfaltarbeidet.
Les heile saka
Det er høy etterspørsel av elbilladere i distriktet og Svorka er stolte over å kunne lansere splitter nye ladere på Best Fannrem. – Dette er noe vi har gledet oss til og som vi ser frem til å kunne tilby elbileiere i distriktet, men også for bileiere som er på gjennomreise, forteller Håkon Solvik, konsernleder for teknologi i Svorka.
Les heile saka
Styret i Todalen Idrettslag kallar inn ungdommane til medlemsmøte måndag 2. oktober klokka 18:00 i aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen. Her ønsker styret å få høyre ungdommane si meining om korleis det nye aktivitetsrommet på Bordholmen skal driftast.
Les heile saka
I går sesongavslutta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag med ein skikkeleg finvêrstur til Norskå i Tingvoll kommune. 24 turglade fjellvandrarar møtte opp og vart med på sesongens siste fjelltur.
Les heile saka
Søndag 1. oktober inviterer Trollheimen Fjellsportklubb til motbakkeløp på Nordvik. Løypa er i underkant av 3 km og går opp veien du kjører når du skal på Nordviksula / Ytre Sula. Dette er et arrangement for både gående og løpende, store som små! Vi deler inn i to klasser, trim og konkurranse, står det i invitasjonen på klubbens FB-side.
Les heile saka
Todalen Idrettslag melder at setet på multitreningsapparatet på Hett & Svett er ødelagt. Det vil bli prøva å få sveisa setet, men om ikkje dette går, så må nye deler kjøpast, og det kan ta litt tid. Meir informasjon kjem etter kvart.
Les heile saka
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Vindøladalen torsdag 28. september. Oppmøte ved bommen på Holtamoen klokka 11:00 for samkøyring derifrå.
Les heile saka
Da er siste bøssa komen inn og oppteljinga etter Demensaksjonen i førre veke er ferdig – til saman kom det inn 141.365 i Surnadal kommune, der Surnadal Demensforening og helselag og Åsskard helselag har organisert innsamlinga.
Les heile saka
Siste måndagen i september vart ein retteleg finversdag; sol og landvind! Ideell dag for kløvertur i solvendt li.
Les heile saka