Måndag er det ny kløvertur, melder Todalen sanitetsforening. Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken kl 11, og alle er velkomene til å ta del i Kløverturen.

Måndag er det ny kløvertur, melder Todalen sanitetsforening. Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken kl 11, og alle er velkomene til å ta del i Kløverturen.
Tysdag 22. august går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til nabokommunen Sunndal og Innerdalen. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 09:30 for samkøyrer vidare derifrå, og ferge på Kvanne Rykkjem klokka 10:00.
Les heile sakaKampen om seieren stod egentlig mellom Erik J. Husom og sveitsaren Pascal Egli heile løpet, medan heimefavoritten Erik Kårvatn heldt på tredjeplassen. Egli var best i motbakkane, medan Husom var kjappast i unnabakkane – dermed vart det Husom som stakk av med sigeren i 29 km løpet. Husom kom i mål på 3:05:24, og med ein margin på 1 minutt og 5 sekund på Egli til slutt, medan tredsjplassen gjekk til Erik Kårvatn på 3:34.16. På 4.-plassen kom veteranen Ola Hovdenak knapt eit minutt etter Kårvatn.
Les heile sakaDa er det klart for start i årets Kårvatn Skyrace. Over ett hundre deltakarar har meldt seg på, noko som er ny rekord. Vêret er også rekordfint, så det ser ut til å bli ein fin tur for deltakarane, og dei slepp i alle fall å fryse!
Les heile sakaDet er sikkert mange som har hatt «kontakt» med den store grufsa i overgangen til Rossåbrua ved Todalshugen. I løpet av dei siste dagane har det vorte eit stort hol der, med ein skrp kant i overgangen til brufundamentet. Dette er nok hard kost for alle forstillinga, og Kjell Gunnar Polden tok kontakt med Veidekke som har vedlikeheldet på Todalsvegen. Dei tok hansken og Ola Svinsås frå Veidekke kom på direkten for å fylle att holet med reparasjonsmasse.
Les heile sakaMed rundt hundre påmeldte ser det ut til å bli rekordarta deltaking i Kårvatn Skyrace som går av stabelen komande laurdag. I skrivende stund er det 97 som er påmeldt, og det er skikkeleg rekord seier Gudmund Kårvatn til Todalen.no. Vêrgudane er så absolutt samarbeidsvillige, og med eit par dagers sol og tørke no så blir det prima forhold i fjellet. Det skal konkurrerast i 6 forskjellige klassar med konkurranse og trim, og hovedløpet som går over 29 km har fått over 40 deltakarar i år. Dermed er det duka til kamp om medaljene på Kårvatn.
Les heile sakaTalgø Invest søker ny regnskaps- og lønnsmedarbeider med arbeidssted Talgøs hovedkontor i Todalen – her kan du lese hele hele stillingsannonsen som har søknasfrist 5. september:
Les heile sakaDet pågår no vedlikehaldsarbeid i Svinviktunnelen. Dette inneber at det blir kolonnekøyring gjenmom tunnelen heile dagen i dag.
Les heile sakaI går hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgangtur til Leikaren på Mogstad. Det var skikkeleg fint turvêr for dei atten stavgangarane som møtte opp og tok turen opp skogsvegen og til Leikaren.
Les heile sakaTysdag 15. august var siste dag for laks- og aurefisket i Toåa i år. Det vart eit år på det jamne, dersom vi ser dei 3 siste åra i samanheng. Det gjeld både talet på fanga laks, snittvekt og størrelse. Historisk sett er det eigentleg 3 forholdsvis svake år, der både pandemien og prøveordninga med […]
Les heile sakaI ei felles pressemelding frå dei sju politiske partia som stiller valliste til kommunevalet i Surnadal kommune 11. september, får vi informasjon om det «Politiske valtorget» som skal gå føre seg på kulturhusplassen framfor Surnadal kulturhus laurdag 19. august frå klokka 11:00 og utover ettermiddagen.
Les heile sakaDet er mange år sia dei siste elektroniske signala vart sent gjennom fastnettet til det ein gong var Televerket. Framtida er trådløs, og i dag er det berre trådløse tenester som har overlevd. No er det på tide å demontere alle kablar og pålar som har vore i teneste på hundrevis av år. Denne veka starta Trondheimsfirmaet BN Entreprenør med demontering av kablar og telefonpåla. Det er Tor Edvin Vik og Stig Sandblåst som har fått denne jobben for BN Entreprenør.
Les heile saka