Som tidlegare omtala har oktober starta med høg temperatur og landvind. Natt til måndag var det så kraftig vind at blant anna postkassestativet på Kvendset blas over ende. Det resulterte i eit raskt restaureringsprosjekt på måndag, slik at posten igjen skulle oppbevarast trygt til den kunne bli henta.
Les heile saka
Jon Bruset har drive med registrering av maksimum- og minimumstemperatur dei siste 20 åra. Gjennom denne perioden har det til dels vore store sprik i begge retningar. I år har det vore 3 frostnetter på Småhjellan i september, og det er rekord. Det er berre registrert eit par minusgrader, men kunderekorden i perioden stammar frå 1995. Da vart det reistrer -3,9 den 30. september.
Les heile saka
Tida no framover og inn til jul pleier stort sett å vera full av ulike arrangement. Difor oppfordrar vi dykk til å sende inn dei ulike arrangementan de veit laget eller organisasjonen deira skal ha. De treng ikkje å gjere det vansklegare enn å nevne det for nokon av oss i redaksjonen med ei sms, eller hvis vi treffest etter vegen.
Les heile saka
Muligheitene for å kunne bosetja seg i egen bolig i Todalen har dei siste 5 åra vore minimale. Ingen har hatt noko å selgje eller å leie bort for dei som kunne ha tenkt seg dette. Men no ser det definitivt lysare ut enn på lenge. Etter kva todalen.no har fått tilbakemelding på, så er det i allefall…
Les heile saka
Eit trettitals gjestar deltok på konfirmasjonsfesta som Todalen sokneråd arrangerte i Ungdomshuset laurdag kveld. Spesielt ivitert var dei fem konfirmantane fra 1960 som i år kan feire 50-årsjubileum. Dei hadde kome frå fjern og nær for å ta del i festa og for å treffast og hente fram gamle minne frå konfirmasjonstida. På menyen stod det både fårikål og forskjelling slags underhaldning.
Les heile saka
Det blir eit katarofalt resultat av årets kornhaust på Talgø Gård i år, fortel Finn Talgø som laurdag kjørte skurtrøskaren for siste gong. No er det slutt på dyrking av korn, og frå neste sesong blir det grasproduksjon i staden. Etter 23 år med korndyrking er det slutt, og denne sesongen blir den dårlegaste av alle.
Les heile saka
I dag var 11 damer samla i Sanitetshuset på sesongens første strikkekaffe. -Her va det jaggu meg stilt, sa Sissel Kalseth Heimlund da ho så all snarast var innom for ein kaffekopp. Men det varte nødvendigvis ikkje så alt for lenge.
Les heile saka
Laurdag kveld arrangerer soknerådet konfirmasjonsfest i Ungdomshuset. Det er tradisjon å invitere 50-årskonfirmantane og alle fem har takka ja til invitasjonen. Soknerådet diskar opp med fårikål til hovudrett, så her vert det høve til å smake på årets lam.
Festa tek til kl.19.00, og dei har litt av kvart å by på:
Les heile saka
Torsdag kveld var siste framsyning av revyen SUSrock. Dermed er 10.-trinnet ved surnadal ungdomsskule i mål med revyprosjektet som dei har jobba med i 7 månader. Til ståande applaus frå den nerast fullsette Storstua i kulturhuset, kunne dei runde av årets revy. Og dei kom jammen frå det med eit produkt dei kan vera stolte av. Det var god underhaldning frå start til mål, og publikum fekk full utteljing både for tid og pengar. Skal ein bruke eit ord, så må det bli «imponerande».
Les heile saka
Godt mot, Todalen minner om fotokonkurransen som pågår i regi av Bygdeforskning. Innleveringsfristen er satt til 1. oktober, så her er det berre å svinga seg rundt.
Les heile saka
Tirsdag ettermiddag var det duka for Sanitetens årlege Løftatur. Mange deltakarar i alle aldersgrupper stilte opp for å gå runden oppå Løfta og nedatt til Sanitetshuset. Årleg vert det over heile landet arrangert Sanitetens veke med ulike tema. Tema i år var fysisk aktivitet og ernæring.
Les heile saka
Tirsdag kveld var G14 på Molde-tur for å møte Træff. Skadeforfall fra både Malin Sønderland Mossing og Ørjan Nes Haugen gjorde at vi måtte gjøre endringer i laget, og et par av de yngste spillerne våre fikk sjansen fra start. SøyaTodalen/KvassUlvungen åpnet bra, bl.a. fordi hele laget viste en langt bedre kjemping enn mot AK sist søndag.
Les heile saka